Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen misjonsforening 175 år – feira dobbelt på Eidet bedehus

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. oktober 2021

Det vart ei skikkeleg gjenopning når det først vart!  Dobbel feiring med både 175 årsjubileum og 140 årsjubileum i eitt.  Misjonslaget i Todalen er 175 år i år, og misjonslaget på Eidet er 140.  Sjølv om laget på Eidet er for undom å rekne samanlikna med laget i Todalen, så står det stor respekt av alderen til begge.  – Bernt Bøe var der, og vi har fått både tekst og bilder frå det store jubileumssekskapet som vart arrangert på Eidet bedehus i helga – bla om og les.

Festens primus motor Einy Rendal Elgsæther t.v. saman med hovudgjest Astri Wessel, tidlegare medlem av Misjonsselskapets sentralstyre. Foto: Bernt Bøe

Kulturfest på bedehuset – Gjenopning med dobbelt jubileum

Tekst & foto:  Bernt Bøe

Eit fullsett Eidet Bedehus gjenopna søndag med ein kulturfest av dei sjeldne. Misjonslaga på Eidet og i Todalen markerte dobbeltjubileum med kvar sine 140 og 175 år.
Ja, foreininga i Todalen kom i gang alt i 1845, berre tre år etter at moderorganisasjonen Det Norske Misjonsselskap (NMS) var stifta. Som eit av landets eldste i sitt slag har laget i Todalen arbeidd samanhengande. 175-årsjubileet i fjor vart korona-utsett til no. Søndagens arrangør, 140-åringen Eidet Misjonsforening, kom i gang i 1881. Både Eidet og Todalen er NMS-foreiningar.

Kulturhistorie – stadig levande
Men samtidig som jubileumskaka med 175 + 140 år minte om lang og innsatsfylt kulturhistorie, var søndagens program i høgaste grad prega av levande og offensiv verksemd heime og ute også i dag. Historia om dei første misjonskvinnene kom elegant og muntert til syne gjennom eit tablå der tre kvinner i tidsriktige kostymer og med stor innleving gjenskapte eit husmøte med handarbeid, song og gitarspel – slik det var i gamle dagar.

Kva lag kan vel vise til slik ei jubileumskake? Foto: Bernt Bøe

Men karane fekk æra!
Ragnhild Mikkelsen gav levande referat frå 140 år med foreininga på Eidet. Mykje av dette har Lars Steinar Ansnes skrive i boka «Under Skarfjellet 3» med gamle protokollar som kjelde. – Men om det var kvinnene som ordna og la til rette, var det alltid mennene som fekk æra av å leie misjonfestene! kommenterte Ragnhild med glimt i auget. Sjøl er ho ei av dei som mest aktivt har halde arbeidet i gang.   
 
Men denne jubileumsfesten vart som seg hør og bør leia av ei som verkeleg har lagt til rette. Einy Rendal Elgsæther, sjøl India-misjonær i mange år, styrte programmet med stø hand. Ho heldt dessutan ein tankevekkande andakt der ho peika på både dei nære kallsoppgåvene og dei store linjene i misjonsarbeidet. Ei syngande forsamling understreka dette gjennom Ronald Fangens «Guds menighet er jordens største under».
 Einy fortalte elles litt om Todalen Misjonsforening frå 1845 og siterte dei visjonane som er nedfelt i gamle papir. Også her var det mennene, lærar Erik Kårvatn og andre, som formelt stod i spissen den første tida. For 25 år sia vart forresten Sjømannsmisjonens lag i Todalen innlemma i same foreininga.

Musikkduoen Svein Volle (t.v., songsolist) og Gunnar Sødal (pianist) gav toneflukt over festen. Foto: Bernt Bøe

Paradoks
Gjennom eit powerpoint-innslag gav Astri Wessel, tidlegare medlem av landsstyret i NMS, interessante fakta om misjonen. Glimta frå hennar besøk i Kamerun, Thailand og Kina synte mange andre sider ved arbeidet enn kritikarar her heime har kunnskap om. Som at misjonens kulturskular i Thailand rekrutterer musikarar til symfoniorkestera. Om vel er salg av Bibelen ulovleg i «paradoksenes land» Kina, som ho sa. – Men Kina har like fullt det største bibeltrykkeriet i verda – den populære boka er nemleg ein svært inntektsbringande eksportartikkel til andre land!
 
Om NMS sitt arbeid på Nordmøre orienterte regionsleiar Arne Drøpping og leiar i områdeutvalet, Kari Sødal. Drøpping fortalte m.a. om dei populære gjenbruksbutikkane. Han presenterte også kona Cecilie sitt initiativ med handarbeidsprodukt til inntekt for NMS. Under tittelen «Bergfruens Lapper» marknadsfører ho desse via facebook. Jau da – misjonhistoria fornyar seg stadig. Elles helsa Liv Anne Innerdal frå Ålvundeidet – der NMS-foreininga no er 160 år. Gunnar Sødal trakterte pianoet til både solo- og allsong. Solist var Svein Volle, som med sin store og overtonerike stemme gav uttrykksfull framføring av fleire misjonssongar. Arrangør og 140-årsjubilant Eidet Misjonsforening hadde ikkje berre skaffa ei flott jubileumskake, men sørga som alltid elles for ypperleg servering til dei frammøtte.Og vi vil tru at dagens misjonsgåver via kontantar og vipps gav betydelege midlar til NMS, som denne dagen altså kunne vise fram to av sine mange trufaste foreiningar rundt i landet.

Arne og Cecilie Drøpping har lang fartstid for NMS. Foto: Bernt Bøe

Først publisert: 5. oktober 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 4. oktober 2021, 20:11