Asle Beck og Eirik-André Rydningen rakk akkurat å runde av friluftskonserten på bakkan framfor Todalshytta før regnet meldte sin ankomst. Det er jammen ikkje mange kveldane i løpet av sommaren at ein kan oppleve så fine kveldar, og kan nyte eit musikalsk kulturprogram som hadde høve til i kveld. Det er heilt fantastik å kunne nyte så flott musikk, og samtidig kose i sommarkvelden.
Les heile saka
I dag starta utleige av elsyklar i Todalen. Det er Todalen Grendalag som administrerer utleiga av dei fem elsyklane, som du kan leige. Syklane står på Matkroken Todalen, og må leverast der etter bruk. Syklane blir leigd ut i tidsrommet mellom klokka 10:00 – 20:00. Leigeprisen per sykkel er kr. 200,- pr. dag samt familie som kostar kr. 400,- pr. dag (inkluderer 3 syklar og sykkelvogn).
Les heile saka
Todalen Idrettslag treng smørgrautkokarar for å koke graut når det skal vere open kiosk på Bordholmen stadion. Bortsett frå Todalsdagen er det nok med ein grautkokar til kvar kveld kiosken er open. Det ser ut til å bli mellom 5 – 10 kveldar kiosken vil vere open denne sesongen. Idrettslaget stiller med mjølk, smør og kveitemjøl. Ingrediensane får ein utlevert på Matkroken Todalen frå 2 dagar før.
Les heile saka
I ettermiddag hadde mannskap frå Surnadal lensmannskontor trafikkontrollar fleire stadar i kommunen. Ein av stadane var på Nordvik. Her var det fart, belte- og mobilbruk som vart kontrollert.
Les heile saka
Fredag kveld kom skonnerten Ideal frå Kristiansund på besøk innovar fjordane, og gjorde snumanøver innerst i Todalsfjorden. Det var nok mange som spekulerte på kva ærende båten hadde, men vi trur at den rett og slett berre tok seg ein tur i det fine sommarvêret. Gradestokken balanserte utover dagen på rundt 30 grader i skuggen. og da var det nok godt å kome seg ut på bøljan blå og få litt avkjøling.
Les heile saka
Asle Beck gler seg til å komme tilbake til Todalen for å holde konsert. Asle er godt kjent i Todalen og på Todalshytta etter å ha deltatt på låtskriverseminar og holdt et par konserter her. Nå tegner sommeren og høsten til å bli en travel tid for Asle, med konsert onsdag kveld og så kjøre til Todalen for å holde konsert på Todalshytta. Videre blir det kosertering hele sommeren og høsten opptreden både på fredag- og lørdagskvelder.
Les heile saka
Tysdag den 8.juni tek Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen ut av fylket og går til Møkkelfjellet i Heim kommune i Trøndelag. Oppmøte og parkering på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje for samkøyring til Valsøybotn klokka 10:00. OBS! OBS! merk tidspunktet!
Les heile saka
Riktig mange fornøgde turdeltakar var med på stavgangturen langs Åsskardfjorden første torsdagen i juni.
Les heile saka
I kveld var det eit klassisk lokaloppgjer i fotball mellom Søya/Todalen G9 og Surnadal G9 i strålande solskin og så og seie heilt vindstilt. Men varmen såg ikkje ut til å prege innsatsen til spelarane. Bortelaget kom best i gang i første omgang, men heimelaget kom ganske fort til hektene og kampen jamna seg ut.
Les heile saka
Torsdag kveld var det «kløppardugnad» på kyrkjegarden i Todalen. Heile kyrkjegarden vart pussa opp – først med traktorkløppar og så finpuss rundt gravstøttene, kyrkjegardsmuren og blomsterbeda.
Les heile saka
Vi har fått ei pressemelding frå styret i Todalsfjordprosjektet, der dei informerer om at dei akkurat no søker etter dagleg leiar.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i føremiddag får vi ei oppdatering om koronavaksineringa dei komande vekene. På grunn av omfordeling av vaksiner har vaksineringsplana endra seg noko, så det kan vere lurt å følgje med i vekene framover. Pressemeldinga kan du lese i si heilheit nedanfor:
Les heile saka