Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste nytt om koronavaksineringa

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. juni 2021

I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i føremiddag får vi ei oppdatering om koronavaksineringa dei komande vekene. På grunn av omfordeling av vaksiner har vaksineringsplana endra seg noko, så det kan vere lurt å følgje med i vekene framover. Pressemeldinga kan du lese i si heilheit nedanfor: 


Surnadal kommune opprettheld eit doseintervall på 6 veker for alle vaksinasjonsgrupper. For vår kommune medfører dette ingen forsinkelsar i vaksineringa. 

Vi har no kalla inn alle fødd frå 1956. Er det nokon som er fødd i 1956 eller tidlegare og ikkje har mottatt SMS frå c19.no må dei kontakte Vaksinetelefonen 913 79 001 for å få time.

Book time innan to virkedagar frå SMS

Vi ser at det kan vere lang responstid før enkelte går inn på c19.no og bestiller time. Vi sender ut SMS- innkallingar på fredagar. Timen din er reservert i to virkedagar. Dersom vi ikkje høyrer noko innan tysdagen vidaresender vi innkalling til fleire. Du mister ikkje mulieheit til å bestille time, men det kan hende at du må vente ei veke ekstra. Minner om at alle brukar c19.no til å både booke timar eller varsle dersom ein ikkje ønsker time til vaksinering.

Det er foreløpig ikkje muleg å registrere seg sjølv som ferdig vaksinert i c19. Har du mottatt vaksine i annan kommune frå før, sett vi stor pris på om du ringer Vaksinetelefonen og varslar om dette.

Til alle som skal møte til vaksinering – hugs eigenerklæringsskjema

Fyll ut egenerklæringsskjema heime og ta dette med til registrering på vaksineringsdagen. Skjemaet finn du i menyen på kommunens nettside om koronavaksinering. For medisinske spørsmål kontakt din fastlege. Dersom du ikkje kan skrive ut dette skjemaet kan du hente utskrift av eigenerklæringsskjemaet på Surnadal kulturhus. Du finn skjemaet ved utlånsbøkene under trappa ved resepsjonen.

Grunnen til at vi oppfordrar til dette er for å redusere kø og forsinkelsar i vaksinasjonslokalet. Ingen som ikkje har fylt ut dette skjema vil kunne motta sin vaksine. Minner også om bruk av munnbind og ermer som er lette å brette opp.

Vidare vaksinering i veke 23

Alle som er plassert i risikogruppe 5 (1957-66 med underliggande sjukdommar) vil motta SMS. Det er fastlegen din som har meldt deg inn og kva risikogruppe du tilhøyrer

Vi kallar no inn første puljen av dei i risikogruppe 6 (1967-76 med underliggande sjukdommar).  Alle i denne gruppa vil ha fått tilbod om dose 1 innan veke 24. Vi kallar inn fortløpande etter fødselsår.

Gjennom sommaren vil fredagar vere faste vaksineringsdagar, som tidlegare.

Lokalt Vakssineringsscenario for sommaren

For  veke 22 får vi 42 glas (252 doser) Om dette er vår nye normal, med dei varsla reduksjonane, kan vi estimere følgande vaksineringsscenario for tilbod om dose 1:

Gruppe 5 veke 22/23

Gruppe 6 veke 23/24

Gruppe 7 veke 24/25

Gruppe 8 veke 26

For meir og oppdatert informasjon, sjå kommunen sine nettsider surnadal.kommune.no

 Dose 2 kjem etter 6 veker.


 

Publisert: 3. juni 2021, 09:49