Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokaloppgjer på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. juni 2021

I kveld var det eit klassisk lokaloppgjer i fotball mellom Søya/Todalen G9 og Surnadal G9 i strålande solskin og så og seie heilt vindstilt. Men varmen såg ikkje ut til å prege innsatsen til spelarane. Bortelaget kom best i gang i første omgang, men heimelaget kom ganske fort til hektene og kampen jamna seg ut. 

Søya/Todalen med ein farleg corner. Foto: B G Ansnes

I første omgang var det som sagt bortelaget som kom best i gang. Men båe laga produserte mange sjansar, men bortelaget kunne gå til pause med ei knapp leing. 

Så var det Surnadal som var frampå med ein farleg corner. Foto: B G Ansnes

Andre omgang var jamspelt, og båe laga produserte mange målsjansar. Då dommar Steinar Gjeldnes bles i fløyta for siste gong, viste resultattavla uavgjort, ikkje eit uvanleg resultat i eit lokaloppgjer. 

Søya/Todalen G9 2021. Foto: B G Ansnes

Det var mykje folk som hadde teke turen for å sjå lokaloppgjeret, noko kioskveretane Anders og Torill var glade for. Dei kunne rapportere om stor omsetning! 

Publisert: 3. juni 2021, 19:37