Soleklar seier til Todalsfjorden seint ein vårkveld og Ingri Bruset. Med godt over hundre stemmer var nok Todalsfjorden favoritt hos mange.
Les heile saka
Soleklar seier til Todalsfjorden seint ein vårkveld og Ingri Bruset. Med godt over hundre stemmer var nok Todalsfjorden favoritt hos mange.
Les heile sakaStyret i Todalen historielag har i kveld vedteke å avlyse årets årsmøte. Årsmøtet skulle eigentleg vere i mars, men vart utsett på grunn av smittevernreglane til komande tysdag den 15.juni. Restriksjonane som framleis gjeld gjer at Todalen historielag no altså vel å avlyse årets årsmøte.
Les heile sakaI går kveld tok Søya/Todalen sitt G9 lag turen til Bæverfjord og Bæverfjord stadion for å spele seriekamp mot Bøfjord/Bæverfjord. Heimelaget hadde ikkje greidd å finne dommar til kampen, så Anders Gjeldnes stilte sporty opp, og på kort varsel tok han på seg å dømme kampen. Og rapportane seier at han gjorde ein god jobb som dommar!
Les heile sakaTysdag 15.juni kan du bli med Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Fauskåvatnet. Oppmøte på parkeringsplassen framom Øye kyrkje klokka 10:30. Derifrå er det samkøyring inn til bommen i Østbødalen. Dei som bur slik til at det er kortare å køyre direkte til bommen gjer det. Bomavgifta er kr. 30,-.
Les heile sakaTodalen Grendalag minner om årsmøte sitt i Todalen ungdomshus onsdag 16.juni klokken 19:00. No ligg den endelege sakliste for årsmøtet òg føre. Den kan du sjå nedanfor. Todalen Grendalag oppfordrar folk til å møte opp!
Les heile sakaDa dagleg leiar for Talgø Tradbo, Tor Olav Vatn, var på veg frå Todalen og utover til Haugen vegkryss på føremiddagen no i dag, fekk han fanga nokre fine bilete av ei gaupe som kryssa vegen i Rabban på Nordvik.
Les heile sakaFor tredje året på rad samarbeider Atleta og Svinviks arboret om å tilby Yogo ute i den vakre botaniske hagen i Svinvika. Dette er eit samarbeid, der Atleta og arboretet vil gje noko til folket, så tilbodet er gratis. Atmosfæren og stemninga er det naturen som skaper. Sola varmer kroppen, fuglane syng sine vakraste songar og blomstrane gjev positiv effekt og stressar ned. I går kveld vart den første av tre Yoga-kveldar i arboretet arrangert.
Les heile sakaRundt 6:40 i dag, fekk politiet sin operasjonssentral melding om at ein bil hadde køyrd av vegen ved Åsbøen på Fv 6145. Bilen hadde hamna i grøfta, godt rundt og vart liggande på taket i grøfta på oversida av vegen mellom Åsbøen og Sjøleet. Det var ein person i bilen, som var på veg innover, da ulykka skjedde. Han vart teken hand om av ambulansepersonell og køyrd til sjukehus.
Les heile sakaI går kveld var det loppemarked i redskapshuset på Bordholmen stadion. Det var Trimgruppa i Todalen Idrettslag som stod som arrangør. Loppemarkedet vart arrangert i går kveld i staden for under Todalsdagen, som går av stabelen laurdag 26.juni. Det var bra med folk, og mange lopper skifta eigar i løpet av den store timen loppemarkedet var ope.
Les heile sakaI kveld var det sesongpremiere for friidrett på Bordholmen stadion. Det vart hoppa lengde, både med og utan tilløp, kasta liten ball, og sprunge 60- og 400-meter. I tillegg hadde Barne- og ungdomsgruppa teke med bogeskyting som ein ny øvelse.
Les heile sakaI går var både barnehagen og skulen ved Todalen Oppvekstsenter på søppelrydding på Vorpnesset utanfor Ansneset. Todalen Bondelag stilte med varm lunsj, så det vart ein fin dag for alle saman.
Les heile sakaGodt med folk og riktig god og triveleg stemning vart det da Todalen sanitetsforening inviterte til sommaravslutning tysdag kveld.
Les heile saka