Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trafikkulykke på Åsbøen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. juni 2021

Rundt 6:40 i dag, fekk politiet sin operasjonssentral melding om at ein bil hadde køyrd av vegen ved Åsbøen på Fv 6145. Bilen hadde hamna i grøfta, godt rundt og vart liggande på taket i grøfta på oversida av vegen mellom Åsbøen og Sjøleet. Det var ein person i bilen, som var på veg innover, da ulykka skjedde. Han vart teken hand om av ambulansepersonell og køyrd til sjukehus. 

Sjåføren klaga på smerter i ryggen etter uhellet. Årsaka til ulykka er ikkje kjent, men det var store materielle skadar på bilen, opplyser politiet. 

Publisert: 10. juni 2021, 07:27