Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Yoga i Svinviks arboret

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. juni 2021

For tredje året på rad samarbeider Atleta og Svinviks arboret om å tilby Yogo ute i den vakre botaniske hagen i Svinvika. Dette er eit samarbeid, der Atleta og arboretet vil gje noko til folket, så tilbodet er gratis. Atmosfæren og stemninga er det naturen som skaper. Sola varmer kroppen, fuglane syng sine vakraste songar medan blomstrane gjev positiv effekt og stressar ned. I går kveld vart den første av tre Yoga-kveldar i arboretet arrangert. 

Det var 20 damer som møtte opp, men dessverre ingen menn, sjølv om dei òg har behov for litt nedstressing. 

Kroppen finn raskt roa på matta. Timen starta med å puste djupt inn og ut gjennom nasen att. Avspenning frå tå til haud. Posisjon som hunden, krigar, solhelsing, fjell. Enkelt og ukomplisert. 

Atleta og Svinviks arboret med Yoga. Foto: Ann K. N. Bruset

Alle gjer det dei greier og får akkurat det utbyttet av timen dei ønskjer. DU eig din eigen time. Etter å ha funne den indre roa saman med natur og fuglar, tøyd kroppen slik akkurat passe, var det godt å ta ein kopp kaffe og nydeleg eplekake og krem med jordbær-/ripssylte. 

Gleda er at det er sett av tre onsdagar til Yoga i Svinviks arboret. Det er ei gåve til alle som vil finne si indre ro i pakt med ei nydeleg atmosfære. 

Atleta og Svinviks arboret takkar alle som deltok i går kveld, og ønskjer alle velkomne att neste onsdag 16. og 25.juni klokka 18:00! 

 

Først publisert: 10. juni 2021, 08:00 - Sist oppdatert: 9. juni 2021, 21:46