Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Populært med loppemarked

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. juni 2021

I går kveld var det loppemarked i redskapshuset på Bordholmen stadion. Det var Trimgruppa i Todalen Idrettslag som stod som arrangør. Loppemarkedet vart arrangert i går kveld i staden for under Todalsdagen, som går av stabelen laurdag 26.juni. Det var bra med folk, og mange lopper skifta eigar i løpet av den store timen loppemarkedet var ope.  

Mange lopper skifta eigar i løpet av loppemarkedet. Foto: B G Ansnes

Det var litt av kvart å få kjøpt på loppemarkedet. Vi kan nemne møblar, glas og dekketøy, måleri, leiker, oppbevarings-kassar/boksar og bøtter. 

Jamt tilsig av folk som ville gjere eit «røvarkjøp». Foto: B G Ansnes

Det som vart att av lopper etter kveldens loppemarked vart overteke av Elisif Sæthervik, som driv Gammelskulen Gjenbruk i Bøfjorden. 

Elisif Sæthervik og Randi Gjøra med fullt lass. Foto: Elinor Bolme

Elisif fortel at det neste helg skal vere eit stort loppemarked ved Gammelskulin Gjenbruk, der det i tillegg til Gammelskulen Gjenbruk vil delta 20 andre loppemarkedaktørar. Ho inviterer difor alle til eit gedigent loppemarked i Bøfjorden neste helg. Følg Gammelskulin Gjenbruk på Facebooksida: «Gammelskulin Gjenbruk», så kan du følgje med på opningstidene deira og kva dei, til ei kvar tid, har å tilby! 

Gammelskulin Gjenbruk. Foto: Elinor Bolme

Først publisert: 10. juni 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 9. juni 2021, 21:54