Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Midtsommarsuksess ved Båthølen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. juni 2021

I kveld feira Trimgruppa og Økonomigruppa i Todalen Idrettslag St. Hans med grilling, kaffe og kaker ved gapahuken ved Båthølen. Sjølv om det vart bitte litt regn da arrangementet tok til, så var det vel 70 personar som kom for å vere med på midtsommarfeiringa, noko arrangørane seier seg storfornøgd med!

Les heile saka

Digitalt koronasertifikat

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. juni 2021

Ved å logge inn på helsenorge.no får du tilgang til det digitale koronasertifikatet ditt. Det digitale koronasertifikatet oppdaterer seg automatisk, og gjeld til ei kvar tid i 90 dagar. Du kan laste ned det digitale koronasertifikatet til mobiltelefonen eller nettbrettet ditt. Det er ikkje nødvendig med utskrift av sertifikatet dersom du har dette digitalt.

Les heile saka

Ingebrigt har feriejobb som flaggstongmålar

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. juni 2021

For nokre dagar sia gikk Ingebrigt K. Bergli ut porten på Surnadal ungdomsskule, og var ferdig med lovpålagt skulegang.  Men dermed er det ikkje sjølvsagt at det blir ferie og slaraffenliv gjennom sommaren.  Ingebrigt har nemleg fått feriejobb hos Matkroken/Halsoil, og skal sørge for at både flaggstengene og lyspålane på uteområdet ved drivstoffpumpene skal pussast opp i sommar.

Les heile saka

Fjellgruppa – skafin tur til Svarrafjellet!

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. juni 2021

I går var Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Svarrafjellet. Vêrgudane var på Fjellgruppa si side og varta opp med fint turvêr med sol og ein svak kjølande vind, slik at varmen ikkje vart for intens på turen. Det var 21 deltakarar på turen til Svarrafjellet.

Les heile saka

Contrazt på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. juni 2021

Fredag 25.juni klokka 19:00 kjem Contrazt til Surnadal kulturhus. Contrazt er eitt av Norges mest turnerende danseband. Kvart år har det kome ut nye CD-plater som har gjeve både heder og ære i form av 4 gullplater og for ikkje å gløyme fire tituleringar som årets danseband, årets danselåt og årets musikar. Contrazt jubilerte nyleg og har lagt ein av jubileumskonsertane sine til Surnadal kulturhus. 

Les heile saka

Tradisjonell dugnad før Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. juni 2021

Førstkomande laurdag er det Todalsdag, og da er det tradisjonellt både ein og fleire dugnadskveldar i forkant av arrangementet.  Tysdag kveld var det samla ein effektiv gjeng som fikk gjort unna det meste med tanke på oppfiffing av anlegget, slik som kantslått og utplassering av utstyr som skal brukast.

Les heile saka

1. og 2. kandidaten på SV si stortingsvalliste på Todalsbesøk

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. juni 2021

Måndag ettermiddag var 1. kandidat, Birgit Oline Kjerstad og 2. kandidat, Kim Thoresen-Vestre, på Møre og Romsdal SV si stortingsvalsliste, på Todalsbesøk. Inger Johanne Iversen og Karina Kalvik var med frå lokalpartiet i Surnadal. Tidlegare på dagen hadde Kjerstad og Thoresen-Vestre vore både på Talgø MøreTre i Surnadal og på Statkraft sitt anlegg på Harangen i Øvre Surnadal på besøk. 

Les heile saka

Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 27.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. juni 2021

Søndag 27.juni inviterer Todalen sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje klokka 11:00. Liturg er Leif Endre Grutle, medan Ronny Kjøsen er organist. Takkofferet går til Kirkens SOS. Vipps: 506908. 

Les heile saka

Reparerer skadd i asfalt rundt bygda

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. juni 2021

Mesta entreprenør har dei siste par dagane halde på med vedleikehald av asfalten på vegane rundt bygda.  Det er fleire strekningar som treng reparasjon, og der blir det no skifta ut masse for å få til meir stabile forhold før det legges ny asfalt.  Du kan framleis oppleve litt ventetid for å kome fram, men blir det for lenge å vente er alterntivet å kjøre ein liten runde rundt bygda. I løpet av neste veke vil nok dei korte strekningane som er reparert bli asfaltert og få permanent dekke igjen.  


Lokaloppgjer på Bordholmen i går kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. juni 2021

I går kveld var det lokaloppgjer mellom Søya/Todalen J10 og Surnadal J10. Sjølv om vêrgudane ikkje varta opp med godvêr, så fekk vi sjå ein fotballkamp med mykje godt spel og mange mål. 

Les heile saka

Kløverstafetten kjem til Todalen torsdag 24.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. juni 2021

I anledning at Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) i år fyller 125 år, blir det arrangert ein Kløverstafett, der målet er at alle sanitetsforeningar over heile landet skal vere med. Kløverstafetten er eit lågterskeltilbod der lokalforeiningane saman, gjennom jubileumsåret, skal frakte ein stafettpinne frå sør til nord. Stafetten starta 1.mars på Svinesund, og skal ende si ferd i Tromsø, siste helga i september, der NKS skal ha sitt jubileumslandsmøte denne helga. Kløverstafetten kjem til Todalen torsdag 24.juni. 

Les heile saka