Den siste veka har det nok vore i minstelaget med vassføring for laksefisket i Toåa. I går kveld var det imidlertid vêromskifte og ein god del regn utover kvelden og natta. Det har ført til at Toåa har auka vassføringa fra rundt 2,3 m3/sek i går ettermiddag – til 13,2 m3/sek på målinga no kl 17:00 søndag.
Les heile saka
I morgon, søndag 18.juli mellom klokka 12:00 – 16:00 er det ope i Slettneset steinovnsbakeri. Som vanleg kan dei, òg denne gongen, freiste med nystekte kaffebrød og kaffe. Så har du lyst på «søndagskaffe» med noko godt til i morgon, så er det berre å ta turen til Slettneset steinovnsbakeri.
Les heile saka
Den store rododendronblomstringa er nok over for i år, men ein tur til Svinsviks arboret er langt i frå bortkasta fordi. Det er mykje anna å sjå og oppleve, og ikkje minst er stigane gjennom «1000-meterskogen» ein fin plass for å finne ro og fred i sjela. Her kan du rett og slett sette deg ned og drøyme deg bort frå ein travel kvardag.
Les heile saka
Det har i sommar vore god grasvokster, og 2. slåtten har så vidt starta. Ståle Ansnes i Todalen Mjølk seier at det først og fram er nysådde areal som dem er først ute med, og at dei først vil kome i gang fopr fullt om ei vekes tid eller så. Det ser imidlertid ut til […]
Les heile saka
I over et halvt år har «royalsaken» rullet gjennom gangene på Talgø og hos de to andre produsentene av royalbehandlede produkter. De tre produsentene har vært beskylt for feilmerking av brannklasser og at produktene har vært mer brannfarlige enn andre treprodukter – dette tiltross for at alle mulige og nøytrale testresultat avkrefter dette og beskriver royalbehandlede materialer som like trygge som andre. Sist ut med før ferien var Treindustrien som i et medioppslag rakket ned på royalkldningen. Konsernsjef Terje Talgø har gitt et tilsvar som vi gjengir i sin helhet nedenfor.
Les heile saka
Vi har i dag opplevd at nettsida vår har vore litt ustabil – eit par saker som var lagt ut i går kveld forvann i løpet av morgontimane. Disse måtte legges ut på nytt i dag, og vi har faktisk hatt litt ustabilitet seinare i dag og. Sannsynleg vis er det lagt tilbake backup – ein eller kanskje to gong – og at dette er årsaka til at vi har opplevd problem. Vi beklager dette, og håpar at problema no er løyst.
Det er pengar frå stiftinga Dam som no kjem foreninga og prosjektet «Inn på tunet» til gode. Det har vore jobba med prosjektet i over eit år, og denne veka kom det klarsignal om at søknaden var innvilga. Dermed var det klart for å informere alle involverte – medlemar og ikkje minst den lokale pressa om kva som er på gang.
Les heile saka
Søndag 18.juli klokka 11:00 inviterer Todalen sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg denne søndagen er Leif Endre Grutle medan Ronny Kjøsen er organist. Takkofferet går til kyrkjemusikalsk arbeid. Takkofferet kan, i tillegg til kontantar i kyrkje, vippsast til vipps 506908
Les heile saka
Onsdag 14.juli legg Surnadal valstyre ut manntalet til stortings- og sametingsvalet 2021, til allment ettersyn. Manntalet vil bli lagt ut på Surnadal kommunehus og på Surnadal kulturhus – biblioteket i 2.etasje, og vil vere tilgjengeleg til og med valdagen, måndag den 13.september.
Les heile saka
Søndag var det tid for dagstur til Smøla. Opp tidleg for å ta første ferja frå Hennset kl 9 og vidare til Tustna og ny ferje over til Smøla. På Smøla kjem du først til Edøya og Gurisentret, men målet vårt var Villsaugarden og vidare til Veiholmen før vi snur nasen heimover igjen.
Les heile saka
Da er tida inne for å fornye støttemedlemskap sitt i Todalen.no. Faktura for støttemedlemskap vil difor dukke opp i postkassen i løpet av dei to neste vekene. Støttemedlemskapet kostar kr. 200,-, og kan, i tillegg til å betalast som ordinær faktura via bankkonto, betalast via vipps til 107600 (TODALEN.NO støttemedlemskap). Ved betaling via vipps, oppgje da fakturanummeret eller namn i meldingsfeltet.
Les heile saka
Todalsdagen er den viktigaste enkeltinntektskjelda for Todalen Idrettslag. Vanlegvis utgjer inntekta frå Todalsdagen mellom 15-20% av dei totale inntektene til idrettslaget. I år ser det ut til at Todalsdagen vil ende på eit overskott på godt over 90.000,- kroner.
Les heile saka