I går sesongavslutta Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag med tur til Bollen. Det var 24 spreke og opplagte «vandrarar» som var med på turen. Vêrgudane varta opp med strålande haustver og god temperatur, og moralen var sitt høgaste, så det vart ei kjempefin sesongavslutning for Fjellgruppa.
Les heile saka
SuSu programmet, eit kommunalt oppgåvefellesskap for næringssamarbeid for Sunndal og Surnadal, markerte 8 års samarbeid i Storstua i kulturhuset i dag. Dei hadde snekra saman eit svært innhaldsrikt program for dagen, men mykje tilbakeblikk gjennom dei 8 åra, og ikkje minst innsalg frå lokalt næringsliv.
Les heile saka
Onsdag 29. september klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til sesongens siste friidrettskveld på Bordholmen stadion. Og denne gongen, kan dei skilte med servering av frukt igjen, etter at samfunnet no har gått attende til «normale» tilstandar etter koronarestriksjonane, som har vore dei siste halvanna året.
Les heile saka
I ei pressemelding presenterer Talgø-konsernet et rekararta resultat for 2020. Det var nok knytta stor spenning til «det store koronaåret» da Norge stengte ned i mars i fjor. Da stod ledelsen i Talgø overfor en stor utfordring både med tanke på marked, ansatte og ikke minst økonomi. I starten var det ingen som visste hvor dette bar hen, og hvordan det ville bli, men etter hvert rullet da ballen videre og det ble bra salg, og Talgø hadde varer på lager. Bla videre og les pressemeldingen fra Talgø:
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til helsekveld torsdag 30. september i Todalen ungdomshus kl. 19:00. Fastlege Kari Løvendahl Mogstad innleier om eit svært aktuelt tema, nemleg pårøranderolla for personar med demens og kognitiv svikt.
Les heile saka
Fredag 8. oktober klokka 19:00 kjem stand-up komikar Terje Sporsem med sitt nye stand-up-show til Surnadal kulturhus. Denne gongen om verdas aller, aller beste land. Sunnmøringen er klar med sitt fjerde show. Før har han hatt stor suksess med sine utleggingar om «Krig» og «Religion», sjølv om det siste også var litt risikosport da ikkje riktig alle meinte ein skulle gjera for mykje artig av slikt.
Les heile saka
Koronaleiinga i Surnadal kommune møtte pressa måndag, og ønska å sette litt søkelys på den nye normalsituasjonen vi har fått etter at alle nasjonale koronapålegg vart oppheva sist laurdag. Sjølvsagt var dei glade for at samfunnet opnar opp og for at restriksjonane er lempa på. Men dei påpeka også at det framleis er behov for å ta omsyn til at vi framleis vil kunne være utsette for smitte og sjukdom.
Les heile saka
Siste kløverturen i september var lagt til Nordvik, og turdeltakarane var utruleg heldige med veret. Det vart ein nydeleg haustdag med sommartemperatur, gradstokken viste 20 grader.
Les heile saka
Stavgang-gruppa i Surnadal pensjonistlag tek torsdag 30. september klokka 11:00 turen til bøkeskogen i Stangvik. Parkering på Svissholmen. Derifrå går turen opp til bøkeskogen. Etter turen blir det matpause på Svissholmen.
Les heile saka
Som vi tidlegare har skreve, så blir Trimgruppa i Todalen Idrettslag sine trimbøker digitale frå fredag 1. oktober. Du lastar ned appen Trimpoeng, enten i Appstore (for iPhone) eller Play Butikk (for Android). Når du har lasta ned appen, går du inn og registrerer deg som brukar. Rettleiing i bruk av appen vil det bli gjeve under Trimgruppa sitt arrangement i Båthølen laurdag 2. oktober klokka 12:00, samstundes som det vil ligge rettleiing på kvar av dei 24 trimpostane.
Les heile saka
Fredag 1. oktober, mellom klokka 12:00 – 17:00 er det duka for eit nytt gardsutsal hos Lia gard. Som vanleg kan dei by på forskjellege ferske bakevarer, og nokre fryste. Førehandsbestilling av skulebollar og eller grovbrød innan onsdag 29. september klokka 18:00.
Les heile saka
Søndag har det vore ein fantastisk dag i fjellet, og mange har nok nytta høvet både til turbruk og til jakt. Øya jaktlag som opererer på sørsida av bygda har vore stasjonert på Skihytta, og har jakta derifrå eit par dagar. I dag var det elgfall i Reitbotn ovafor Tårnet tidleg på ettermiddagen og ein spissbukk i Øyalia litt etterpå.
Les heile saka