Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Digitale trimbøker frå 1. oktober

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. september 2021

Som vi tidlegare har skreve, så blir Trimgruppa i Todalen Idrettslag sine trimbøker digitale frå fredag 1. oktober. Du lastar ned appen Trimpoeng, enten i Appstore (for iPhone) eller Play Butikk (for Android). Når du har lasta ned appen, går du inn og registrerer deg som brukar. Rettleiing i bruk av appen vil det bli gjeve under Trimgruppa sitt arrangement i Båthølen laurdag 2. oktober klokka 12:00, samstundes som det vil ligge rettleiing på kvar av dei 24 trimpostane.  

Trimgruppa treng hjelp!

Trimgruppa treng hjelp til å hente ned bøkene frå dagens trimpostar og å få lagt dit rettleiinga før 1. oktober. Så om du skal på ein av trimpostane ein av dei første dagane, kan du ta kontakt med leiar i Trimgruppa, Elinor Bolme på telefon 901 96 268. Trimpostane dette gjeld er:

  • Løfta
  • Ja-benken
  • Storhaugen
  • Ansnessetra
  • Naustådalssetra
  • Tårnet
  • Gammelsetra
  • Haukarsteinen
  • Fauskhjellen
  • Taløysetra

Frå 1. oktober blir det 24 trimpostar mot dagens 11, så her blir det gode moglegheiter til å besøke mange fine turmål, samstundes som ein blir med i konkurransen om fine, for flest turar og uttrekt besøkande. Turmåla ligg no opne i appen, men det er ikkje mogleg å registrere tur på dei før fredag 1. oktober.

Da står det berre att å ønskje ALLE god tur!

Nokre av dei 24 turmåla som er med i appen «På tur i Todalen»

Publisert: 27. september 2021, 11:37