Laurdag og søndag arrangerte Surnadal Golfklubb klubbmesterskap på Surnadal golfpark på Mo. Her gjekk Tove Hilstad Garte og Stian Kooyman til topps i kvar sin klasse. Det var totalt 28 deltakarar på helgas klubbmesterskap, som gjekk over 2 x 18 hol. Kooylman sette ny banerekord med 142 slag totalt på båe dagane. Garte spela heim sitt femtande klubbmesterskap.
Les heile saka
Onsdag 25.august klokka 18:00, arrangerer Trimgruppa i Todalen Idrettslag sykkeltrim. Oppmøte og start frå Bordholmen stadion. Ruta for sykkeltrimmen blir bestemt ved oppmøtet på Bordholmen. Det blir open kiosk. Trimgruppa ønskjer alle velkomne på Sykkeltrim!
Les heile saka
Surnadal pensjonistlags stavganggruppe inviterer torsdag 26. august til stavgangtur til Hjllnessetra i Todalen. Oppmøte og parkering ved garden på Hjellnes til valeg tid kl 11:00. Alle er velkomne til å bli med på tur!
Laurdagens arrangement – Kårvatn SkyRun 2021 er forlengst historie og har fått mykje omtale både i media og ikkje minst i sosiale media. Vi har fleire bilder, og vi har fått tilsendt bilder frå arrangementet som vi gjerne vil publisere her på Todalen.no. Vi ha difor laga ei sak med slike bilder, som du kan «klikke deg inn på» og sjå dersom du har lyst.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 23. august på Kårvatn. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
Laurdag 28.august klokka 13:00 er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Todalen sokneråd opplyser at det er begrensa med plassar i kyrkja denne dagen, slik at dei som ønskjer å vere med på konfirmasjonsgudstenesta, må melde seg på. Påmelding skjer til Frode Grønmyr på telefon 480 68 543. Påmeldinga gjeld ikkje for dei som er invitert av konfirmantane, dei er allereie registrert,
Les heile saka
Under laurdagens konkurranse på 29 km på Kårvatn Sky Run 2021 var det ingen som klarte å hamle opp med Erik Kårvatn. morten Antonsen låg lenge først, med Erik på andreplass. Det var på tur ned frå Slanglifjellet til Tovatna at Erik ga gass og etter det var han uslåeleg på turen inn til mål. Erik kom i mål på 3:31:21. På andreplass kom Morten Antonsen 1:24 etter og på tredjeplass kom Fredrik Bruseth på 3:33:38.
Les heile saka
Da er alle 76 deltakarane ute i sporet. Kl 11:00 startet SkyRun 29 kms løpet, der dei siste 43 deltakarane la ut på runden om Storfjellet, via Grinaren, Slanglifjellet og til Tovatna. Derfrå går turen utover Gammelseterdalen og til målgang på Kårvatn.
Les heile saka
Presis kl 8:00 kunne speakeren sende dei 24 løparane på langløypa (43 km) i veg på turen opp mot Storfjellet – og vidare innover Trollheimen. I tillegg starta dei 8 deltakarane i Storfjellet Opp. Det store spenningsmomentet var i dag tidleg om vêret var godt nok til å kjøre normal start kl 9. Yr.no meldte at det skulle klarne opp i morgontimane og det ser ut til at vêret blir betre etter kvart.
Les heile saka
Alderen er inga hindring for 70-åringen Ingunn Ytrehus som løper for Romerike Ultraløperklubb, som tek runden gjennom lengste løypa i morgon. Ho er slett ikkje bomredd, som legg ut på den 43 km lange løypa, og har nok enno tromsø Skyrace i beina frå 2 veker attende. Men Ingunn er vant til å bruke kroppen, og gler seg til pandemien er over slik at ho kan sleppe seg laus for fullt. Ingunn kjem frå Rollag i Numedal.
Les heile saka
12 personer trosset regnværet og møtte ved bommen for tur til Vindøldalen i dag. Etter en kort rådslagning ble det enighet om å avlyse denne turen i regnvær og tykk skodde langt nedover liene. Alternativet som ble valgt gjekk i stedet til Kleivakongens rike. Da var det å snu bilene og returnere til Skei og ta fatt på bakkene opp til Kleiva. Dette ga god trim, og pusten gjekk tungt oppover bakkene. Noen av oss gjekk fram til Breimoen for å se på dyrkamarka til Fjellbu som har drevet stort med sau.
Les heile saka
Totalt er det påmeldt 75 deltakarar på Kårvatn Skyrun som går av stabelen komande laurdag. – Det er vi veldig godt nøgd med seier Gudmund Kårvatn som er primus motor for fjelløpet som faktisk går i hjarta av Trollheimen. Spesielt er vi gla for at det er så mange unge deltakarar og at det også er mange deltakarar frå lokale lag heromkring. Det viser at interessa for slike fjelløp er stigende og deltakartalet aukar for kvart år.
Les heile saka