Mange i Surnadal kommune vil neste veke få ein SMS med tilbod om oppfriskingsdose. årsaken er at rundt om i Noregs land så aukar koronapandemien i omfang.
For å forsterke effekten av vaksinene og slik beskytte dei mest sårbare, anbefaler FHI at følgande grupper får tilbod om ei oppfriskningsdose:
Les heile saka
I Brekklia i Brusetmarka har det dei siste par vekene vore full aktivitet i det store granfeltet som høyrer Bruset til. Det er Sollid Skog som gjennom Allskog er entreprenør, og sørger både for hogging og transport fram til veg. Rundt 2000 m3 står på hogstplana før dei gir seg, fortel Ola Dalsegg til Todalen.no.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening markerer i dag Eigenberedskapsveka 2021 med stand på Matkroken Todalen. Dei vil vere til stades her utover dagen og fram i mot stengetid. Her viser dei fram ting det kan vere lurt å ha i huset om ein kritisk situasjon skal oppstå. Dei har også med seg brosjyrer laga av Direktoratet for samfunnstrygghet og beredskap, brosjyrer som fortel litt om kva det kan vere lurt å tenke på, slik at ein er godt førebudd om ein kritisk situasjon skal oppstå.
Les heile saka
Vi går unekteleg mot vinter og dårlegare turføre ute. Difor startar Surnadal Pensjonistlag opp att med «Bøy og tøy» i Meierisalen på Landbrukshuset. Første «Bøy og tøy» blir torsdag 11. november klokka 11:00 i Meierisalen på Landbrukshuset.
Les heile saka
For nokre dagar sia skreiv vi om Astrid Berit Hindhammer og mora Solveig Ørsal Hindhammer, som har skrevet slekts- og historiebok om slekta si. Tysdag 9. november kjem dei til Matkroken Todalen for å for å presentere og selje boka til interesserte todalingar.
Les heile saka
Under dagens møte i Surnadal kommunestyre, fremma Lars Inge Kvande (Sp), på vegne av Senterpartiet, eit oversendingsforslag til administrasjonen, der administrasjonen, i samband med budsjettet, blir bedt om å legge fram ei sak om at Todalen Idrettslag skal få leige gymsalen, ved Todalen skule, gratis i 2-3 dagar i veka fram til endeleg etterbruk av skulebygningane er bestemt.
Les heile saka
Søndag 7. november klokka 14:00 inviterer Todalen sokneråd til allehelgensdagsgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske denne søndagen, medan Ronny Kjøsen er organist. Takkofferet går til kyrkjelydsarbeidet.
Les heile saka
Etter at Sparebank 1 Nordmøre såg dagens lys 3. mai i år har det hele tiden pågått en stor jobb i kulissene i de to banken som gikk sammen – Sparebank1 Nordvest og Surnadal Sparebank. Fram til nå har begge de to bankene jobbet videre med på hver sin plattform utad, men innad starta straks qarbeidet med tanke på den tekniske samenslåingen som går ut på å samle alle de 15.000 kundene på en felles plattform i Sparebank1 Nordmøre. Nå er forberedelsene gjort og kommende helg skjer den godt forberedte prosessen. Vi har fått en pressemelding som forteller hva som skal skje fra fredag ettermiddag til mandag morgen kl 8.00 når alt skal være gjennomført. Nedenfor har vi lagt ut hele pressemeldingen fra Sparebank1 Nordmøre.
Les heile saka
Styret i Todalen Idrettslag søkte tidlegare i år, som det også vart orientert om på medlemsmøtet 20. oktober, Surnadal kommune om å få låne gymsalen ved Todalen skule frå oktober – april til innandørs-aktivitetar. Søknaden var både for organiserte og uorganiserte aktivitetar som mellom anna: «Dame- og gubbetrim», balleik for ungane og volleyball. Konkrete ønske om slike aktivitetar i gymsalen ved skulen kom og fram på medlemsmøtet 20. oktober, men styret i idrettslaget måtte avvente svaret frå Surnadal kommune, på søknaden sin om lån, før dei uttale seg om saka. No har idrettslaget fått svar, og saka vart diskutert på gårsdagens styremøte i idrettslaget.
Les heile saka
Torsdag er det «offisiell» opning av julesutstillinga på Hageland – eller Juleland som dei kallar det i marknadsføringa av årets julehandel i Hageland. Vi er godt budd på julehandelen, til tross for at det har vore leveringsproblem på enkelte varer. Mellom anna er dei kunstige juletrea som kjem frå Østen litt forsinka, men etter lovnadene så skal dei snart være innafor rekkjevidde, sier Hubertine Rubrink som er «juletresjef» ved Hageland
Les heile saka
På Taekwondo-lina på Nordmøre Folkehøgskule driv dei ikkje berre med kampsport. For å få litt avveksling må vi finne på andre aktivitetar, slik at vi får tømme hovundet innimellom, seier Kjell Gunnar Polden, som er leiar for dette linjevalet på folkehøgskulen. Dei siste par dagane har det vore så utradisjonelle at dei har drive med slakting, og foredling av slakt.
Les heile saka
Søndag ettermiddag arrangerte Todalen IL den første basaren er at vi opna oppatt landet igjen. Det er meir enn halvanna år sia sist, og det var nok mange som har sakna den sosiale kontakten og basarstemninga som slike arrangement kan bidra med. Arrangøren skryter av oppmøtet, og kan rapportere at det kom inn totalt kr 33.510 – som kjem vel med for drifta av idrettslaget.
Les heile saka