Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Allehelgensdagsgudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. november 2021

Søndag 7. november klokka 14:00 inviterer Todalen sokneråd til allehelgensdagsgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske denne søndagen, medan Ronny Kjøsen er organist. Takkofferet går til kyrkjelydsarbeidet.

Allehelgensdag, også kalla helgemesse og alder-messe (latin: Festum Omnium Sanctorum) er ei heilagdagsmarkering og fest for alle helgenane der namnet ikkje er kjent. Den kristne høgtida, som i moderne tid blir markert første søndag i november, blir vanlegvis markert med levande lys på gravene til dei av-døydde.

På primstaven er allehelgensdag markert den 1. november med eit kors eller eit omvendt skip.

Publisert: 4. november 2021, 06:00