Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang til Bøkeskogen i Stangvik 30.09.21

Sverre Kjølstad Torsdag 30. september 2021

I strålende vær var det 33 personer som gjekk til Bøkeskogen i dag. Endelig en dag hvor regnkledene kunne være hjemme. Da vi startet var det 15 varmegrader, og da vi satte oss til bords på Svissholmen var temperaturen kommet til 19 grader. Med andre ord en strålende høstdag. Vi gjekk snarveien om prestegården, og da var det lett motbakke hele veien fram til Bøkeskogen som tok ca. 40 min.

Les heile saka

Innspurt på 3.-slåtten – normal avling

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. september 2021

Todalen mjølk nyttar landvind og finvêr til å hauste inn siste rest av siloslåtten.  Ein liten prat med Ståle Ansnes i Todalen Mjølk avslører at årets slåttesesong står fram som eit normalår når det gjel avling.  3.-slåtten er på rundt 6-700 mål for Todalen Mjølk, og utgjer rundt ein tredel av det totale arealet dei har til rådighet. 

Les heile saka

Slik endte turen til Nordmøre for moskusen

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. september 2021

Turen til Nordmøre var vel egentleg ei friarferd for moskusen som var på ein kort visit til Nordmøre sist veke.  Moskusen vart observert i Rindal, og har vore hyppig gjest i media dei siste dagane. Etter kvart oppdaga nok moskusoksen at det ikkje fantes artsfrendar på Nordmøre, og sette derfor kursen heimover til Oppdal.  Onsdag […]

Les heile saka

Sesongens siste friidrettskveld

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. september 2021

I går kveld ettermiddag var 17 barn og unge, i alderen 4 – 14 år, samla til sesongens siste friidrettskveld på Bordholmen stadion. Der sto lengde (med og utan tilløp), kast av liten ball, 60-meter og 400-meter på programmet. 

Les heile saka

Todalen sokneråd inviterer til jubileumsfest

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. september 2021

Laurdag 9.oktober klokka 18:00 inviterer Todalen sokneråd til jubileumsfest i Todalen ungdomshus, saman med årets 50-årsjubilantar. Årets jubilantar vart konfirmert i Todalen kyrkje våren 1971. Det blir festmiddag med påfølgjande kaffe. Det blir ôg litt underhaldning, quiz og loddsal.

Les heile saka

Siri Skjerve deltek på Årsutstillinga i Kristiansand

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. september 2021

Siri Skjerve er ei, av i alt 45, kunstnarar som er plukka ut til å vere med på Årsutstillinga 2021 ved Sørlandets Kunstmuseum i Kristiansand no i haust. Utstillinga opnar laurdag 2. oktober klokka 14:00. Norske Kunsthåndverkeres Årsutstilling er den største årlege mønstringa av norsk samtidskunsthandverk. Årsutstillinga har open innsendingsrett og det er NKs nasjonale jury som plukkar ut verka som får vere med på utstillinga. Det var i år innsendt 898 verk frå 379 søkjarar, og Siri var ei av dei 45 som altså slapp gjennom nålauget, med kunstverket «Jakob Hunter».

Les heile saka

KNT opnar alle hyttene sine frå 1. oktober

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. september 2021

Som eit resultat av at restriksjonane i samband med koronasituasjonen som har vore, vart oppheva frå laurdag 25. september, opnar Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT) alle hyttene sine for normal drift att. Dette melder KNT i ei pressemelding no i dag. 

Les heile saka

Fjellgruppa feirar seg sjølv!

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. september 2021

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag vil tysdag 5. oktober klokka 13:00 feire at dei har hatt to fine sesongar med fjellturar. Difor inviterer Fjellgruppa alle som har vore med å gått tur, og alle som har tenkt å vere med å gå tur, til treff i gapahuken på Tjønnmyra (skistadion i Todalen ovanfor Gammelfabrikken).

Les heile saka

Fjellgruppa sesongavslutta med tur til Bollen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. september 2021

I går sesongavslutta Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag med tur til Bollen. Det var 24 spreke og opplagte «vandrarar» som var med på turen. Vêrgudane varta opp med strålande haustver og god temperatur, og moralen var sitt høgaste, så det vart ei kjempefin sesongavslutning for Fjellgruppa. 

Les heile saka


Friidrett på Bordholmen onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 28. september 2021

Onsdag 29. september klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til sesongens siste friidrettskveld på Bordholmen stadion. Og denne gongen, kan dei skilte med servering av frukt igjen, etter at samfunnet no har gått attende til «normale» tilstandar etter koronarestriksjonane, som har vore dei siste halvanna året. 

Les heile saka

Talgø presenterer rekordartet resultat for 2020

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. september 2021

I ei pressemelding presenterer Talgø-konsernet et rekararta resultat for 2020.  Det var nok knytta stor spenning til «det store koronaåret» da Norge stengte ned i mars i fjor. Da stod ledelsen i Talgø overfor en stor utfordring både med tanke på marked, ansatte og ikke minst økonomi.  I starten var det ingen som visste hvor dette bar hen, og hvordan det ville bli, men etter hvert rullet da ballen videre og det ble bra salg, og Talgø hadde varer på lager.  Bla videre og les pressemeldingen fra Talgø:

Les heile saka