Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2022: del 5

Guro Redalen Sundag 17. april 2022

Vi er ved del 5, og forfattaren meiner at etter denne delen skal du kunne kvalifisere til å «stjøtt på» kven eller kva som står bak det merkelege som skjer denne påska.

 

Bordholmen. Denne flate flekken ved Toåa sitt utlaup. Ei grøn lunge mellom industribygg og tidlegare Samvirkelag. Åstaden for Todalshelg, Todalsdag, merketaking på lagseristemnet, fotballkampar i alle valørar og med motvind-garanti. 400 gruslagte metrar for spurt. Isbane om vinteren. Og ein klubbhus-kiosk med ettertrakta bakels. Ja så populær er dei bakelsa at idrottslaget måtte sette opp eit par fotballspelarar på redskapshuset for å minne folk om kva dei eigentleg kom dit for. Det var anten det, eller å gje tapt og døype plassen om til Bakelsholmen.

Men det var ikkje det som var Bladfyk sitt mål for turen. Ho sto nemleg passeleg fast i skrivinga av bruspelet, og hadde kome til Hallset bru. Eller Hashjabrua. Kva var det å seie om ho liksom anna enn at brua vart utvida og klargjort til tunnelen som det ikkje blir noko av. Og det er jo ikkje vits i å grine over tapt mjølkerull på Tristeinan, så det er ikkje noko å skrive om. Nei, skulle ein rett og slett ta turen til Haukåbrua? Kanskje ho var betre for den kreative prosessen?

Haukåa. Kanskje mest kjent for å ha opptil fleire synlege fossar på vegen ned mot bygda. Og saman med Neåa, Nauståa, Romåa, Bjøråa og Raudåa utgjer ein av dei største sideelevene som renn ned i Toåa. Haukåbrua. Denne viktige brikka i nystøpt betogn som bind vegen mellom Ørsalgeilen og Hjellabrekkå saman. Og no tydelegvis eit samlingspunkt? Bladfyk festa blikket på gjengen som sto tett.

«Ut å går ja?» Bladfyk prøvde seg på ei nøytral men munter helsing medan ho funderte på kva Handelsmann Nordvik, Overredaktør Ørsal og ein mann med ein kikkert rundt halsen dreiv å studerte på. Og var det ikkje scannerpatruljen til Todalen historielag som kom etter vegen der borte? Den til vanlegvis lettprata gjengen stirra berre tilbake på Bladfyk medan det vart mumla noko ein med litt godvilje kunne tolke som eit hei. Sjeldan hadde Haukåbrua kjentes trongare og meir fylt med glødane lava, her var det berre var å kome seg vidare. Men kva var eigentleg dette? Små raude dråpar teikna ein sti frå Støvbrettet mot der brugjengen sto. Noko lukta nybaka, og det var ikkje muffins.

Javel? Kva var det gjengen på Haukåbrua held på med? Kvifor passa det dårlegare enn nokon gong at Bladfyk dukka opp? Her er det berre å skru på spekulatoren – svaret kjem i morgon (måndag)

Først publisert: 17. april 2022, 07:00 - Sist oppdatert: 12. april 2022, 20:36