Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya – Valsøyfjord

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. april 2022

Måndag spela Søya treningskamp mot Valsøyfjord på Bordholmen stadion. Både Søya og Valsøyfjord speler i 6. divisjon avdeling 1 – Nordmøre og Romsdal denne sesongen, så det blir også to seriekampar mellom laga i løpet av sesongen. Båe laga serieopnar med bortekampar mot Øksendal og Sunndal 2. Det er nokre år sidan siste seniorkamp på Bordholmen stadion, så dette vart ei fin avslutning på påska, i alle fall for alle som likar og er interessert i fotball. 

Kampen starta med eit spelemessig overtak til heimelaget, noko som resulterte i ei tidleg scoring, etter sjølvmål. Søya fortsatte å dominere banespelet utover i omgangen, men gjestane kom litt meir med mot slutten av omgangen, sjølv om stillinga til pause var 5 – 1. 

Andre omgang har akkurat starte, og heimelaget med ein halvsjanse. Foto: B G Ansnes

I andre omgang var kampen meir jamspelt, men det var heimelaget som produserte mest framom mål, og greidde å putte 3 i løpet av omgangen, slik at sluttresultatet vart 8 – 1. 

Dommar Ola Magne Nordvik hadde full kontroll gjennom heile kampen, så det vart ein bra kamp utan noko stygt spel. 

Litt krampe på slutten av kampen er ikkje uvanleg, sjølv i 6. divisjon. Foto: B G Ansnes

Søya sine mål vart scora av: 

  • Sjølvmål
  • Trond E. Blekken 1 mål
  • Jostein Kvendset 2 mål
  • Sondre Nes 2 mål 
  • Dan Blekken 2 mål

Kiosken var også open, og mange nytta høvet til å ta seg ein ettermiddagskaffe med bakels og graut, så her var det fullt trøkk heile tida. 

Publisert: 18. april 2022, 19:07