Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2022: del 4

Guro Redalen Laurdag 16. april 2022

4. del av påskekrimmen 2022, og nok eit år er det sørsida som står for underhaldninga. Og vi kan vel berre slå fast at kvardagen hadde vore meir grå utan bidrag frå den sida av bygda. Nok om det. La oss ta opp tråden frå i går utan å tenkje for mykje på om abakle eigentleg er eit ord eller ein nedarva talefeil.

Lauvåbrua = Lauvågåssinj. Bladfyk kunne alt sjå for seg korleis den lokale trollet under brua skulle dukke opp til eit gisp frå publikum. Rett frå konflikt mellom bru-slekter og rett på spenning, dette var ei god dramatisk oppbygging av spelet. Vennskapsband knytta grunna nedkjemping av felles fiende, saman er vi sterke osb. osb. Nesten for lett. «Kven er det som trampar på mi bru? Det er du – du – du» noterte ho som utkast til ein songtekst.

Skulle det her blir gjort eit poeng av at frå her var det landfast til over dammen om ein berre … nei vent … det var jo ei bru over Rossåa òg. Her var det viktig å ikkje bli for ivrig i dei tørrskodde-poenga. Tilbake til skrivinga.

På Todalshytta var det hektisk aktivitet og førebuingar til kveldens burger-bonanza. Kort og brettspel var lagt fram, og forhåpentlegvis var bygdefolket igjen klare for å kombinere sosialt med konkurranse etter quizen på onsdag. Få, eller ingen såg drona som la seg lagleg til over turisthytta før ho på ny sveipa over bygdabakkom.

«Fæl på!» Handelsmann Nordvik veiva med sjølvskreven lapp medan Fjesbokvarslar Moe gjekk etter med handlekorg. «smærmjøkkvætmjølæggsokkerbakpulversjokkolade … fikk du med deg alt?» Handelsmann Nordvik stoppa opp før Fjesbokvarslar Moe rakk å svare. «Kva er det som står her? Æppelsin? To til og med. Javel … spesielt» Men før det vart tid for meir fruktig filosofering var varene pipa ut og lagt til utlevering.

«Hm, trønder … bonde … Røros … ein og anna rubin» mumla Mannen som hadde bytta ut kikkerten. Han gjorde notatar og la ikkje merke til at Mann med skjegg prøvde å helse der han sto på vegkanten.  Tankane, og snart han sjølv, var på veg utover fjorden.

 

Først publisert: 16. april 2022, 07:00 - Sist oppdatert: 12. april 2022, 20:50