Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening med «Vipps-basar»

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. oktober 2021

I år, som i fjor, blir Todalen sanitetsforening sin årlege og tradisjonelle «Sanitetsbasar» ein «Vipps-basar». Saniteten vil ha førehandssal på Matkroken Todalen fredag 8. oktober klokka 10:00 – 17:00 og laurdag 9. oktober klokka 10:00 – 15:00. I år er det fellesliste, der ein er med i trekninga på ALLE gevinstane, og kvart lodd kostar kroner 100,-, og Vippsnummeret er 534955 (Basar Todalen sanitetsforening).

Les heile saka

Surnadal G13 mot Molde G13 på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. oktober 2021

I dag hadde Surnadal G13 heimekamp mot Molde G13 på Bordholmen. Vêrgudane viste seg ikkje akkurat frå si beste side, så det var regn stort sett under heile kampen, men det såg ikkje ut til at det påverka spelarane sin innsats på banen nemneverdig. For det var mykje godt spel og stor innsats frå båe lag. 

Les heile saka

Hausttakkefestgudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. oktober 2021

I dag var det Hausttakkefestgudsteneste i Todalen kyrkje. Start 4H hadde pynta med frukt og grønnsaker til gudstenesta. Liturg var Cathrine Grutle medan Svein Ness vikarierte som organist. Neste års konfirmantar var med og las frå dagens tekst, medan 50-årskonfirmantane var invitert til å delta på gudstenesta. 

Les heile saka

Koseleg jubileumsfest

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 9. oktober 2021

Laurdag kveld var det jubileumsfest for 50-årskonfirmantane i Todalen. I år vart jubileet feira på Hammerstuene på Surnadalsøra. Totalt seksten personar, inkludert jubilantane og dei to som skal konfirmerast i Todalen kyrkje til våren, møtte opp for å vere med på feiringa. Det vart ei koseleg og vellukka feiring av jubilantane.  

Les heile saka

LAN-skapsområde i ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 9. oktober 2021

Frå fredag kveld kokka 18:00 til laurdag morgon klokka 10, hadde Start 4H invitert sine medlemmer til LAN-party i Todalen ungdomshus. Her var det dataspeling på høgt nivå, både med tanke på utstyr og ferdigheiter. Men det vart og tid til litt andre aktivitetar som vi litt eldre skjønar meir av. Men alle aktivitetane gjekk føre seg under mottoet:  «fram daa frendar i fredlege kappstig», som det står ovanfor scana i ungdomshuset. 

Les heile saka

Surnadal G13 mot Molde G13 på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 8. oktober 2021

Søndag 10. oktober klokka 14:00 spelar Surnadal G13 «heimekamp» mot Molde G13 på Bordholmen stadion. Todalingane Hallvard Nordvik og Tor Asbjørn Karlsen spelar på Surnadal sitt G13-lag, som altså møter Molde på søndag. 

Les heile saka

Førehandssalet til Vipps-basaren har starta

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 8. oktober 2021

I dag klokka 10:00 starta førehandssalet til Todalen sanitetsforening sin Vipps-basar, på Matkroken Todalen. Førehandssalet på Matkroken er i dag mellom klokka 10:00 – 17:00 og i morgon laurdag 10:00 – 15:00. I år er det fellesliste, der ein er med i trekninga av alle gevinstane, og kvart lodd kostar kr. 100,- 

Les heile saka

Sesongens siste kamp på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 8. oktober 2021

I går kveld var det duka for sesongens siste fotballkamp på Bordholmen stadion. Og kva er vel betre enn å avslutte ein fotballsesongen med eit skikkeleg lokaloppgjer mellom Søya/Todalen G9 og Surnadal G9? Sjølv om vi er komne langt ut i oktober på kalenderen, var vêret og temperaturen ikkje så aller verst, men for oss som såg på var det nok best med langbukse og jakke da!

Les heile saka

Søya/Todalen avslutta sesongen mot Dahle

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 7. oktober 2021

Søya/Todalen J10 avslutta fotballsesongen 2021 med heimekamp mot Dahle, frå Kristiansund, på Søyabanen i kveld. Og for å markere sesongavslutninga skikkeleg, spelte jentene sin beste kamp for sesongen og vann kampen på ein overbevisande måte. 

Les heile saka

Stavganggruppa på Torviktur

Sverre Kjølstad Torsdag 7. oktober 2021

Det var lett regn i lufta da vi gjekk vestover fra Torvik og tilbake. I kaffepausen som foregikk utendørs startet også med noe regn, men etter hvert ble det oppholdsvær. Det er tydelig at regnvær gjør noe med deltakelsen, for i dag var det 17 personer som stilte opp. Men ingen sure miner for det, og som vanlig vart det en trivelig stund i godt lag. Selvsagt er det bra med trim, men det kan en gjøre på egen hånd, men å erstatte det sosiale alene er ikke mulig.

Les heile saka


Kaiarbeidet på Kvanne/Rykkjem blir ferdig natt til fredag

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. oktober 2021

Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Natt til fredag 08.10.21 blir siste natt med kaiarbeid. Normal drift i sambandet etter dette.  Dette er ei kort melding frå Fjord1 om at arbeidet på kaianlegga på Kvanne og Rykkjem er ferdig.  Dermed er begge kaianlegga sikra mot errosjon, og feerjene kan bruke den motorkrafta dei har behov for når dei legg til kai eller gar frå kai.

Les heile saka