Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innhaldsrikt program for 1. mai-feiringa i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. april 2022

Søndag 1. mai klokka 14:00, inviterer Surnadal Arbeiderparti til god «gammaldags» 1. mai-feiring på Surnadal kulturhus. Helge Røv vil vere programleiar for eit innhaldsrikt og variert program. Emely Stangvik og Ole Dalsegg, leiar og nestleiar i Surnadal AUF, vil halde apell for dagen, medan Ordførar i Aure kommune, Hanne Berit Brekken vil halde festtalen.

Brekken er i tillegg til å vere ordførar i Aure, nestleiar i Møre og Romsdal Arbeiderparti og landsstyremedlem i Arbeiderpartiet.

Emely Stangvik og Ole Dalsegg, leiar og nestleiar i Surnadal AUF, held apell. Foto: Privat

Her er det endelege programmet for 1. mai-feiringa i Surnadal: 

  • Stort basarbord med mange gevinstar
  • Musikk ved Surnadal Hornmusikk
  • Apell for dagen ved AUF
  • Festtale ved Hanne Berit Brekken
  • Musikalsk innslag ved FrankLind (Frank og Linda Botten)
  • Sal av kaffe og festkake

Lilly Gunn Nyheim og Ella Bolme, frå arrangementskomiteen, inviterer alle til 1. mai-feiring. Foto: B G Ansnes

Det blir stort basarbord med mange fine gevinstar frå lokalt næringsliv, der hovudgevinsten er gjeven av Talgø MøreTre. Det er  mogleg å kjøpe førehandslodd via Vipps 746187. Ved kjøp via Vipps, må du skrive i meldingsfeltet kva namn loddet skal skrivast på. Kvart lodd kostar 20,- kroner. Surnadal Arbeiderparti vil i dag, 29. april, mellom klokka 15:00 – 18:30, også ha stand utanfor Coop Extra og Rema 1000, der dei sel førehandslodd. 

Arrangementskomiteen ønsker alle velkommen til Surnadal kulturhus den 1. mai for å bli med på feiringa!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 29. april 2022, 06:13