Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur frå Bakkan til Heggøyan

Dordi Jorunn Halle Måndag 25. april 2022

Etter ein lang godversperiode med sol frå klår vårhimmel kom siste måndagen i april med grått og surt ver, men opphalde og stilt, alstå godt turver.

Kløverturen starta frå Bakkan i Halagrenda, gjekk så over Brusetbrua og innover til Fosstrøin etter idyllisk sti. I Fosstrøin er det gapahuk som ligg fint til ved Toåa.

Godt oppmøte! Frå venstre: Nils, Jorunn, Synnøve, Åse, Arndis, Helga, Helen, Marit og Åshild. Foto: Dordi J H

Deretter gjekk turen over Fillipbrua og innover forbi Ramsøya til Halaneset og Stormyrhaugen og til sist Heggøyan, der turfølget snudde og returnerte til bilane.

Dette er ei fin turrute som går etter fin stiga og god grusveg, – kjekt at turvegen er så brei at folk kan gå om breidd så praten kan gå lett!

Kort oppsummert vart det ein fin Kløvertur i grått ver, men med godt humør og triveleg samvær!

Ny Kløvertur om ei veke.

Fleire bilete frå Kløverturen:

Fin rasteplass attmed Toåa, Fosstrøin. Foto: Dordi J H

På tur over Fillipbrua som er kjøle kjekk for mange turgåarar. Foto: Dordi J H

Store omveltningar på Stormyrhaugen. Foto: Dordi J H

Publisert: 25. april 2022, 20:27