Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Engasjerande om «Den nye fisken»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 26. april 2022

Biblioteket inviterer til nok eit boktreff – og med eit tema som verkeleg engasjerer! Da villaksen vart temma og sett ut i merdene, begynte det å skje store ting. Mange i distrikta fekk arbeid, og nokre vart til og med ustyrteleg rike. Reine eventyret, meinte Staten, og peisa på med enno fleire konsesjonar.

Forfattarane Simen Sætre og Kjetil Østli skapte høge bølgjer med ein artikkelserie i Morgenbladet og Harvest om opprettsnæringa. No har dei kome med ei bok som teiknar eit enno større bilete over kva næringa har betydd. Dei spør om kva som har skjedd etter at ein har plassert eit nytt dyr i fjordane. Korleis påverkar det dei andre artane? Kva skjer med fjordane og elvane? Og forskarane; kor frie kan dei vere? For ikkje å tale om dyrevelferda, «føre var»-prinsippet og skattepolitikken når styresmaktane vil ha vekst, vekst og vekst? Så kva vart dei utilsikta konsekvensane av å introdusere «den nye fisken»?

I boka «Den nye fisken» skriv Simen Sætre og Kjetil Østli om alt det underlege, provoserande og oppsiktsvekkande som har skjedd etter at oppdrettslaksen vart «den nye olja».

Kritikarane melder om ei strålande skrive bok og kritisk journalistikk av beste sort.

Simen Sætre kjem til Surnadal bibliotek onsdag 27. april kl. 1830 for å fortelje kva han og Kjetil Østli fann ut. Sia han treng tilgang til lerret, går vi for det likaste på huset og inviterer til gratis foredrag i kinosalen denne gongen. Inga påmelding på førehand – berre å møte opp!

Ein liten lokal fotnote: Medforfattar Kjetil Østli er forresten godt kjent i Surnadal gjennom mange sesongar i Søya.

Arrangør er Litteraturhus i Møre og Romsdal og Surnadal bibliotek.

Meir om boka finn du her: https://spartacus.no/boker/den-nye-fisken-1

Publisert: 26. april 2022, 14:00