Jula er ei høgtid med mange tradisjonar, og at «Søyaposten» kjem i postkassen, rett før jul, har etter kvart også blitt ein av desse tradisjonane. Årets utgåve av «Søyaposten» er på 40 sider og inneheld som vanleg ein oversikt over aktiviteten i Idrettslaget Søya det siste året, men også eit historisk tilbakeblikk frå tidlegare år.
Les heile saka
Trimgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til koronadempa Romjulsmarsj med ny vri. Gjeve premiar, utlodning og fleire turalternativ til å lufte seg på 3. dag jul mellom 12:00 og 15:00.
Les heile saka
Vi i redaksjonen nyttar høvet til å ønskje alle våre lesarar ei god og fredeleg julehelg, men vi er likevel på post for å få med oss store og små hendingar. Det gleder oss at vi framleis har lesarane med oss, sjølv om kvardagen lett får litt preg av pandemien og menge avlyste arrangement, medan lesartala stort sett er stabile i samanlikning med fjoråret.
Les heile saka
Smittefaren og tiltak rund pandemien som herjar landet gjorde at julegudstenesta vart litt spesiell, med berre 16 påmeldte. Det var påbud om munnbind og krav om avstand, og dette la nok ein stor dempar på førehandspåmeldinga til gudstenesta. Men vi som var der gjorde det beste ut av situasjonen og kom nok i god julestemning etter kvart.
Les heile saka
Vi opplever travle dagar med proviantering til julehelga, fortel Terje Nordvik og Jorid Haugen Ansnes på Matkroken Todalen. Dei var travelt opptekne med å rigge til butikken da vi stakk innom staks etter opningstid tysdag morgon. Vi har knalltibud på pinnekjøtt i dag – og så langt beholninga rekk, med prisar drå kr 155,- pr kg for urøyka. Vi er «billigst i by’n» både på røyka og urøyka pinnekjøtt, fortel dei to.
Les heile saka
Romjula er tradisjonelt ei tid der mange nyttar høve til å gå på kino. I år blir det eit, som følge av smitteverntiltaka eit begrensa tilbod, men for all del, det blir mogleg å ta seg både ein og to turar på kino. Surnadal kino har tilbod fire dagar i romjula, og viser kvar av desse dagane to filmar.
Les heile saka
Fjord1 melder kl 14.49 om problem med ei kjørebru på ferjestrekninga. Det må derfor påreknast forsenkingar i trafikken utover ettermiddagen i dag.
Todalen Sokneråd inviterer til julekveldsgudsteneste i Todalen kyrkje fredag 24. desember klokka 16:00. Liturg er Einy Rendal Elgsæther, organist Ronny Kjøsen og solist/forsongar Nina Halset. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet, Vipps til #506908. På grunn av gjeldnande smitteverntiltak er det påmelding til gudstenesta.
Les heile saka
I ei pressemelding frå kommuneoverlege Bjørn Buan i Surnadal kommune, får vi no i føremiddag ei statusoppdatering på smittesituasjonen i Surnadal kommune no før julehøgtida tek til. Vi får også praktisk informasjon i høve til tilgang på hurtigtestar og testing i romjula.
Les heile saka
Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank møtte i kveld opp for å overrekke ei kjærkomen julegåve til Surnadal alpinsenter, på 15.000,- kroner, der pengane er øremerka til utstyr for skileik. Det var Nils Inge Aasgård, Heid Snekvik og Kathrine Mauset frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank, som i kveld møtte opp i Sæterlia og overrekte driftssjef Odd Rune Hoem gåva frå Sparebankstiftelsen til Surnadal alpinsenter.
Les heile saka
Frå 1. januar 2022 endrar Svorka Nett AS namn til S-Nett. Svorka Nett er ein del av Svorka-konsernet og driftar og utvikler straumnettet til rundt 10 000 innbyggarar og bedrifter i kommunane Surnadal, Rindal og deler av Heim.
Les heile saka
Endeleg snur sola, og frå tysdag 21. desember kl 16:59 (norsk tid) så går det mot lysare tider igjen på den nordlege halvkule. Det er nok mange som tykkjer at denne tida er tung og mørk, og når det er styggvêr så er det knappast skikkeleg ljosdag på denne tida.
Les heile saka