Under skirennet i helga vart det fotografert litt rundt omkring og i tilleg har vi fått bilder med mange bidragsytarar som vi ikkje har hatt høve til å vise. Derfor har vi laga bildegalleri der vi presenterer nokre av bileta, og der du kan bla gjennom i ro og mak. Kanskje er det nokon du kjenner som er med på bileta – eller du berre har lyst til å sjå. Til alle bidragsytarar seier vi tusen takk og håper at dei kjem til sin rett her i galleriet.
Les heile saka
Under søndagens konkurranse i vertikal var det Jonathan Albon som var raskast til topps på tida 24.14,9, medan gårdagens vinnar Vegard Øie kom på 2.-plass med 24:26.8 – eller 11,9 sekund etter. På tredjeplass kom Petter Engdal med tida 25:55.1.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 28. februar. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Les heile saka
Folketalsstatistikken for Todalen (Svinvika – Kårvatn) syner at det 31.12.2021 var 294 todalingar, 5 færre enn 31.12.2020. Det var ved årsskiftet 139 kvinner og 155 menn. Gjennomsnittsalderen gjekk bitte litt opp, frå 46,8 år til 47,1 år, altså opp med 0,3 år i høve til 2020. Det er Todalen Grendalag sin eigen folketalsstatistikk som syner dette.
Les heile saka
Vegard Øie gikk til topps i laurdagens konkurranse i individuell på Kårvatn. Vegard leia næast frå start til mål, men fikk kamp heilt til målstreken av Jonathan Albon som kom i mål berre 6 tideler etter Øie. – Spenning var også knytt til Erik Kårvatn på heimebane. Han fikk ein fin 2.-plass, 2,42 etter Trym Dalset Lødøen i mål.
Les heile saka
I dag er det start for Kårvatn Skimo i Todalen. Det er mye snø og godt føre, og vêrgudane ser ut til å være på arrangørens side når startskotet går kl 11 for individuell NC og ungdomscup og kl 10 for trim- og turklasse. Dagens løype er litt tilpassa vêr- og føretilhøva, og vil bestå v 1650 høgdemeter – U20 og trim vil være 1400 meter og trim-/ungdom får 900 høgdemeter.
Les heile saka
Alle landets kyrkjer vil på søndag markere si støtte til det ukrainske folk, som no er under angrep frå russiske styrkar. Under gudstenesta i Todalen kyrkje søndag klokka 11:00, vil deler av P17-koret delta, og mellom anna synge nokre ukrainske songar. Takkofferet, som opprinneleg skulle gå til kyrkjelydsarbeidet denne søndagen, går i staden til å hjelpe befolkninga i Ukraina. Vipps: 506908. Det er Todalen Sokneråd som melder dette no i kveld.
Les heile saka
Mange har den siste tida sett at vegen innover stranda og rundt Todalen har mange, og tildels store og djuke, hol i asfalten. Dette er hol som i somme tilfelle har ført til skadar på både dekk og felgar. I dag kom ein representant frå Mesta med asfalt for å fylle i dei verste hola midlertidig.
Les heile saka
Fredag og laurdag markerer Todalen Sanitetsforening fastelavn med sal av fastelavnsrid og fjær utafor butikken til Matkroken Todalen. Vi trefte Åse V. Redalen og Karen Johanne Talgø som var i full gang med salet, og her kunne du kjøpe bukettar med fastelavnsrid – eller fjær for å pynte treet som står ved vegen mellom attmed […]
Les heile saka
I helg går Kårvatn Skimo 2022 av stabelen, og sjølv om vêrgudane lagar utfordingar for arrangøren Trollheimen Fjellsportklobb så går arrangementet nærast som planlagt. Gudmund Kårvatn fortel at løypemannskapet er i fullt arbeid med merking og rydding av løyper og skiftesoner. Vêr og føretilhøva har gjort at ein må legge om løypene og unngå å bruke toppane, men heller bruke Dalalia i større omfang. Med andre ord blir det to turar opp Dalaia i staden for topptur til Tydalsnebba, men det blir slett ikkje mindre krevjande, seier Gudmund.
Les heile saka
Torsdag kveld var det årsmøte i Nordvik Grendalag i Nordvik forsamlingshus. Her vart Ola J. Nordvik valt til ny leiar etter Odd Arild Sande. I tillegg til vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og val, var renovering av Nordvik forsamlingshus oppe som sak. Her vart det bestemt at det i første omgang blir skifta kjøkkeninnreiing.
Les heile saka
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: På grunn av reparasjon av kjørebro blir avgangene 21:15 fra Rykkjem og 21:30 fra Kvanne innstilt.