Torsdag kveld var det årsmøte i Nordvik Grendalag i Nordvik forsamlingshus. Her vart Ola J. Nordvik valt til ny leiar etter Odd Arild Sande. I tillegg til vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og val, var renovering av Nordvik forsamlingshus oppe som sak. Her vart det bestemt at det i første omgang blir skifta kjøkkeninnreiing.
Sjølv om aktiviteten i Nordvik Grendalag, som for alle andre, har vore prega av koronarestriksjonar det meste av 2022, så har aktivitetsnivået vore ganske bra. Det har vore arrangert:
- 17.mai-tog og 17.mai-feiring for barna på Nordvik
- Vårdugnad på Øygarden, rundt forsamlingshuset og leikeplassen i Sollia
- Plenslått på Øygarden og på leikeplassen i Sollia
- St. Hans-feiring i Røe-Slettneset
- Digitalt sommerlotteri
- Digital førjulsbasar
- Juletrefest for barna på Nordvik
- Romjulsmarsj for resten av folket på Nordvik
Det vart i 2021 kjøpt inn ny plenklippar til leikeplassen i Sollia. Grendalaget har også fått henta det gamle skulekjøkkenet ved Øye skule, samt trekking av premiar for trimbøkene i Blomlivegen og Haltbakkan.
Nordvik Båtforening orienterte om arbeidet med småbåthamne på Øygarden og framdriftsplana for dette prosjektet.
Årsmøtet vedtok også å gje styret fullmakt til å kjøpe ny plenklippar for å slå graset på Øygarden.
Dette er styret i Nordvik Grendalag for 2022:
- Leiar: Ola J. Nordvik
- Nestleiar: Palmer Vika
- Kasserar: Lina Skjerve Vatten
- Sekretær: Tonje Kristin Vikan
- Styremedlem: Kenneth Sæterbø
- Varamedlemmer: Anna Ingeborg Nordvik og Asbjørn Holten
Til slutt diskuterte årsmøtet framtidige aktivitetar. Her kom det forslag på tidlegare «suksess»-arrangement og nye aktivitetar som kan vere aktuelle.
Takk til Tonje Kristin Vikan for informasjon frå årsmøtet til Nordvik Grendalag.