Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn Skimo 2022 i startgropa

Jon Olav Ørsal Fredag 25. februar 2022

I helg går Kårvatn Skimo 2022 av stabelen, og sjølv om vêrgudane lagar utfordingar for arrangøren Trollheimen Fjellsportklobb så går arrangementet nærast som planlagt.  Gudmund Kårvatn fortel at løypemannskapet er i fullt arbeid med merking og rydding av løyper og skiftesoner.  Vêr og føretilhøva har gjort at ein må legge om løypene og unngå å bruke toppane, men heller bruke Dalalia i større omfang.  Med andre ord blir det to turar opp Dalaia i staden for topptur til Tydalsnebba, men det blir slett ikkje mindre krevjande, seier Gudmund.

FRå stadionområdet ved Dalahaugen i 2019 – arkivfoto Jon Olav Ørsal

Gudmund seier at Dalalia er kanskje den einaste plassen ein kan kjøre arrangement uansett vêr, da ein slepp å opp på toppane, der det er mest vind og vêr.  Han fortel vidare at det i skrivand3e stund fredag føremiddag er 46 påmeldte til alle arrangementa og trur det blir spennande dager med rekord i talet på nasjonalitetar som deltek. Enno er det ope for påmelding – gå inn på linken til Kårvatn Skimo og meld deg på!

Det har og vore utfordringar med kovid hos mannskapet i sekretariatet, med men vi har full kontroll med reservemannskap bedyrar Gudmund, som administrerer det heile frå stua heime, der han sitt med foten i gips etter ein ankelskade i Spania for eit par veger sia.

Gudmund oppfordrar publikum til å ta med bjeller og bli med som heiagjeng i Dalalia på laurdag og søndag – vêrgudane lover at det kanskje til og med blir ein og anna solgløtten da.  

Sekretariatet ved stadion på Bekkøya i 2019 – arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. februar 2022, 11:18