Tysdag 8. mars klokka 19:00 markerer Surnadal AP, Surnadal SV og Folkeakademiet den internasjonale kvinnedagen i Surnadal Frivilligsentral sine lokaler på Skei. Lilly Gunn Nyheim, Inger Johanne Iversen og Else B. Andresen, frå arrangementskomiteen, vil leie oss gjennom 8. mars markeringa i Surnadal.
Les heile saka
I ei melding frå Todalshytta no på morgonkvisten, opplyser dei at morgondagens «balldag» (tysdag 1. mars) er avlyst på grunn av sjukdom. Todalshytta beklager dette, og opplyser samstundes at «balldagen» neste tysdag (8. mars) vil bli arrangert som normalt, og at dei ønsker alle velkommen til ny «balldag» da.
Les heile saka
Fredag 4. mars, mellom klokka 12.00 – 17.00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Hyllene vil bli fylt opp med både ferske kaffebrød og grovbakst så her er det «godsaker» både til måltid og kaffekos.
Les heile saka
I kyrkjene verda over er gudstenestene i desse dagar prega av solidaritet med Ukraina. Slik også hos oss i Todalen kyrkje søndag. Vel ligg den allmenne gudstenesteramma fast og uendra uansett skiftande tider. I den har jo livets skiftande vilkår alltid sin plass. Men denne dagen var bøner, takkoffer, song og musikk særleg prega av det vonde som skjer i det søraustlege Europa og av solidaritet med dei lidande.
Les heile saka
Tysdag 1. mars, frå klokka 17:30, inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den tida «Barn i løypa» går føre seg. Barne- og ungdomsgruppa serverer varm saft.
Les heile saka
Torsdag 3. mars klokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag igjen til «Bøy og tøy». VIKTIG! På grunn av at det framleis foregår ombygging i Meierisalen, blir torsdagens «Bøy og tøy», også denne gongen i Trudvang! Surnadal Pensjonistlag har med seg fysioterapeut Lage som instruktør for trimmen.
Les heile saka
Under skirennet i helga vart det fotografert litt rundt omkring og i tilleg har vi fått bilder med mange bidragsytarar som vi ikkje har hatt høve til å vise. Derfor har vi laga bildegalleri der vi presenterer nokre av bileta, og der du kan bla gjennom i ro og mak. Kanskje er det nokon du kjenner som er med på bileta – eller du berre har lyst til å sjå. Til alle bidragsytarar seier vi tusen takk og håper at dei kjem til sin rett her i galleriet.
Les heile saka
Under søndagens konkurranse i vertikal var det Jonathan Albon som var raskast til topps på tida 24.14,9, medan gårdagens vinnar Vegard Øie kom på 2.-plass med 24:26.8 – eller 11,9 sekund etter. På tredjeplass kom Petter Engdal med tida 25:55.1.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 28. februar. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Les heile saka
Folketalsstatistikken for Todalen (Svinvika – Kårvatn) syner at det 31.12.2021 var 294 todalingar, 5 færre enn 31.12.2020. Det var ved årsskiftet 139 kvinner og 155 menn. Gjennomsnittsalderen gjekk bitte litt opp, frå 46,8 år til 47,1 år, altså opp med 0,3 år i høve til 2020. Det er Todalen Grendalag sin eigen folketalsstatistikk som syner dette.
Les heile saka
Vegard Øie gikk til topps i laurdagens konkurranse i individuell på Kårvatn. Vegard leia næast frå start til mål, men fikk kamp heilt til målstreken av Jonathan Albon som kom i mål berre 6 tideler etter Øie. – Spenning var også knytt til Erik Kårvatn på heimebane. Han fikk ein fin 2.-plass, 2,42 etter Trym Dalset Lødøen i mål.
Les heile saka
I dag er det start for Kårvatn Skimo i Todalen. Det er mye snø og godt føre, og vêrgudane ser ut til å være på arrangørens side når startskotet går kl 11 for individuell NC og ungdomscup og kl 10 for trim- og turklasse. Dagens løype er litt tilpassa vêr- og føretilhøva, og vil bestå v 1650 høgdemeter – U20 og trim vil være 1400 meter og trim-/ungdom får 900 høgdemeter.
Les heile saka