Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dahle – Søya/Todalen G10

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 10. mai 2022

I går kveld spela Søya/Todalen sitt G10 lag sesongens første seriekamp denne sesong. Motstandar var Dahle frå Kristiansund, og kampen vart spela i Kristiansund. Heimelaget kom best i gang i kampen, men bortelaget kom meir med utover i kampen. 

Mange duellar i løpet av kampen! Foto: Anders Gjeldnes

Første omgang starta med eit klart overtak til heimelaget både spelemessig og sjansemessig, og heimelaget scora nokre mål. Utover i omgangen kom bortelaget med, noko som resulterte i fleire scoringar for bortelaget i slutten av omgangen. 

Dødball til bortelaget. Foto: Anders Gjeldnes

Andre omgang var jamspelt med mange sjansar til båe lag. Men det var heimelaget som var mest effektiv framfor mål, så da kampen var over hadde heimelaget fleire mål enn bortelaget. 

Bortelaget med ein stor sjanse! Foto: Anders Gjeldnes

Rapportane fortel om ein underhaldande kamp med god stemning, både på og utanfor banen, forutan mange scoringar og, til tider, godt spel. 

Nytt angrep på gang! Foto: Anders Gjeldnes

Bortelaget tek med seg heim ein god prestasjon i andre omgang, ein prestasjon dei skal bygge vidare på utover i sesongen! Gutane gler seg allereie til neste kamp! 

 

 

Publisert: 10. mai 2022, 06:08