Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokal oppdrift og lokale perler- det er klart for et nytt Surnadals-magasin

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 10. mai 2022

I ei pressemelding vi har fått frå Amfi Kreativ, blir vi informert om at dei no er klare med ei ny utgåve av Surnadals-magasinet. No er det vårutgåva av magasinet som står for tur, og magasinet er fylt med både aktivitetskalender for sommeren og lokale badeperler i Surnadal kommune.

I tillegg har dei denne gangen laga ein oversikt over kvar du får leigd f.eks. elsykler, sup/brett, kajakk og mange andre aktiviteter som høyrer sommeren til, fortel Stig Husby i Amfi Kreativ.

Det er venta mange besøkande til Surnadal kommune i sommer også, og i fjor vart alle eksemplara av magasinet «revet bort», seier Stig fornøgd. Spesielt vårutgava er populær for turistar og tilreisande, så vi kjem til å distribuere magasinet på fleire naturlege møteplassar i kommunen, legg han til.  

Vi må takke våre samarbeidspartnarar i Surnadal kommune, Surnadal Næringsforening, Lediard Foto og ikkje minst alle lokale annonsørar i magasinet. Bedriftene i Surnadal  kommune er helt fantastiske til å støtte opp om dette prosjektet, det er så verdifullt, sier Stig.

Det er fleire større kommunar som ikkje greier å få til ein slik lokal produksjon, men her i kommunen har vi greidd det for 9. gong, smiler han. Takka vere eit innovativt og offensivt lokalt næringsliv som ønsker å markedsføre både seg sjølv og kommunen. For oss i Amfi Kreativ så er det kjempeartig å få vere med på dette.

No er magasina på veg og blir snart å finne i postkassane, ikkje berre i Surnadal kommune, men også i kommunene rundt oss. Dette fordi vi ønsker å sette Surnadal på kartet, både som eit naturleg handelsområde, men også for å vise fram alle tilboda og moglegheiter som finst i kommunen.

Tipper at dei som bor her også vil bli overrasket over allsidigheita i tilboda her, fortel Stig.

Da håper vi at godvêret snart slår til, slik at vi kan lese og planlegge blant anna årets badesommar i kommunen, sier han. Det er ein av mange saker du kan lese om i utgavå som kjem i morgen.

Her kan du lese magasinet digitalt om du ønsker: «Surnadals-magasinet»

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 10. mai 2022, 17:36