I perioden 24. januar – 28. februar vil Fv 6148 – Ørsal-/Melavegen vere stengt for gjennomkøyring over Haukåbrua. Dette på grunn av at rekkverket på brua skal skiftast ut. Omkøyring er via Fv 6146 – Todalsvegen og Fv 6148 – Melavegen eller Pilskarvegen og over Øyabrua. Omkøyringa vil vere skilta under heile perioden arbeidet med rekkverket pågår.
Les heile saka
Torsdag kveld inviterte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen på Todalen skule. Og i går kveld passa det nok ekstra godt med innandørs aktivitetar, sidan Gyda herja ute. Mange barn og unge møtte opp for å ha det litt artig med balleik og for å trene litt saman.
Les heile saka
Møre og Romsdal fylkeskommunen melder no seint i kveld at eitt felt på Fv 65 fobi Einmo/Ranes og ved Bolme bru, vil bli opna for trafikk. Dette gjer at trafikken nordover til Trondheim og Trøndelag kan kome i gang att. Alle bussavgangar nordover vil likevel vere innstilt fredag har vi fått opplyst.
Les heile saka
I ei pressemelding, vi akkurat har motteke, får vi ei oppdatering på situasjonen i Surnadal kommune i samband med uvêret Gyda. NVE reknar med at flaumtoppen vil bli nådd i løpet av natta, men at rasfaren vil vere størst i morgon. Statens vegvesen reknar med at Fv 65, nordover mot Trondheim, vil kunne opnast i løpet av morgondagen, med dei oppfordrar til å følge med på vegvesen.no for oppdatert informasjon. Dei rundt 350 sauene som lenge stod i fare for å drukne, er no berga og flytta til andre fjøs. Alle skulane i kommunen vil i morgon ha heimeundervisning.
Les heile saka
Medan vassføringa i Surna nærmar seg 50-årsflaum så fortsett også Toåa å vokse, og var kl 16:00 i dag komen på 86 m3/sek som pr definisjon er 5-årsflaum. Men som sag så er det enno auke i vassføringa, og ein må nok rekne med at toppen blir nådd først i kveld eller natt.
Les heile saka
Uvêret Gyda har ført til flom i Surnadal og Fv 65 er stengt fleire stadar oppover mot Orkland, både i Surnadal og Rindal. Elva Surna har gått over sine bredder og skapt flom. Mellom anna er det ein stor redningsaksjon for å berge flerie hundre sauer som står i far for å drukne. Elevane ved skulane i Surnadal kommune vart ved 13-tida sendt heim, og det er i ettermiddag bestemt at både Stangvik skule på Evenshaugen og ungdomsskulen i Surnadal skal ha heimeskule i morgon. NVE melder at dei forventar at flaumtoppen blir nådd i kveld eller i morgon tidleg.
Les heile saka
Gyda har markert seg det siste døgnet – det har vore både vindfullt og store nedbørsmengder har kome ned. Toåa har hatt ei jamn stigning frå i går i 12-tida, da vassføringa 1,2 m3/sek til i dag tidleg kl 5 (nyeste måling frå NVE i skrivande stund) da vassføringa var kome på 69 m3/sek.
Les heile saka
Grunna dårleg vær er rute 46 Kvanne – Rykkjem inntil vidare, frå og med avgangen kl 20:00 melder Fjord1. I nattens mulm og mørke melder Fjord1 at det blir normal drift frå morgonen igjen.
I kveld var det «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Det var fine forhold for å gå på ski i fint preparerte løyper. Gradestokken viste eit par blå grader, så temperaturmessig var det langt betre i kveld enn førre tysdag, da det var skikkeleg kaldt. Mange hadde møtt opp og tok nokre rundar i dei fine løypene.
Les heile saka
Her kjem kåringa av fjorårets siste månandens bilete. Snart klart for å kåre årets bilete 2021.
Les heile saka
Torsdag 13. januar frå klokka 18:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen ved Todalen skule. Tilbodet er for alle barn og ungdom frå 6 år og oppover. Det blir allsidig aktivitet etter ønske.
Les heile saka
I ei pressemelding frå kommuneoverlege i Surnadal kommune, Bjørn Buan, no i ettermiddag, får vi informasjon om smittesituasjonen i Surnadal kommune. Vi får også ei statusoppdatering på vaksineringa i kommunen. Smittetrykket er akkurat no lågt, men kan endre seg raskt. Dette fordi det er mange smitta både i Kristiansund og Trondheim.
Les heile saka