Fredag 21. januar, mellom klokka 12.00 – 17.00, inviterer Lia gard til årets første bakeriutsal. Denne gongen kan dei mellom anna freiste med knekkebrød og eit nytt produkt, nemleg frokostblanding. Så vil du sikre deg noko godt til helga, så er Lia gard staden å besøke fredag.
Les heile saka
I alleen ved Talgø gard er eit stort tre gått overende, og har sperra vegen oppover mot Kårvatn.
I morgontimane måndag er vegen rydda og brøyta, og er klar for trafikk igjen!
Grunna kraftig vind vert sambandet innstilt etter avgangen frå Rykkjem kl 17.15, melder Fjord1 i ei melding. Frå kl 21:00 melder Fjord1 at det blir normal drift igjen, med avgang frå Kvanne.
Les heile saka
Straumen har vore borte i Todalen sidan rundt klokka 18:00. I ei melding frå svorka klokka 19:23 får vi opplyst at feilen er lokalisert, men at det vil ta litt tid før strømmen er tilbake. Det er ei Furu som har falt over straumledninga i Svinvika som gjer at straumen er borte. Svorka arbeider med saka, og håper straumen er tilbake om ikkje så alt for lenge.
Les heile saka
Ikkje før er vi ferdige med uvêret Gyda, så melder Meteorologisk institutt om kraftig vind, med opp i orkan styrke på Nordmøre og sørlege delar av Trøndelag. Fergestrekninga Kvanne – Rykkjem er allereie stengt (frå 17:15), og politiet oppmodar folk om å halde seg inne, og unngå all bilkøyring som ikkje er absolutt naudsynt.
Les heile saka
Nydeleg lys over Todalen vant månadens bilete for desember og dermed det siste bilete i 2021 som skal delta i årets bilete kåringa som vi legger ut om ei lita stund. Tidligare stod det at bilete med det fine lyse over Todalen var teke av ukjent fototgraf. Men fotografen har vi funne og det var …
Les heile saka
Dagen vinnere av NM vertikal er Henriette Albon, Isfjorden IL og Johan Bugge Johan Bugge, Romsdal Randoneeklubb, mens den raskest i herrer senior var spanjolen Kilian Jornet.
Trondheim Randoneeklubb arrangerte et bra og enkelt arrangement med nesten 50 deltagere til start. Erik Kårvatn sikret seg 2.-plass i klasse herre junior, etter Trym Dalset Lødøen.
Les heile saka
Det har vært flom og store elver tidligere også – det er mellom annet kjent at det var 50-årsflom et par ganger på 1950-tallet. Når vi nå har hatt flere innlegg om ekstremværet Gyda har Arnfinn Gautun blitt påmint om den tida da han og flere til fra gamle Stangvik kommune gikk på framhaldskule her i bygda. Bla videre så kan du lese om minnene som Gautun har fra den tiden….
Les heile saka
Alt tyder på at vi her i bygda har sluppet billig unna Gyds herjing når vi ser korleis det har vore rundt om kring. Ikkje minst i Surnadal, der dalen praktisk talt har vore lagt under vatn og har opplevd 50-årsflaum og vel så det i Surna. I Toåa er det til samanlikning registrert 5-årsflaum ved målestasjonen ved Storfossen med topp på rundt 92 m3/sek, men alt tyder på at vassføringa nedafor Storfossen har vore forholdsvis større i Romåa, Haukåa og andre elvar som renn ut i Toåa nedanfor.
Les heile saka
Første gudstenesta i Todalen kyrkje i det nye året blir søndag 23. januar, med start kl 11:00. Takkoffer til Misjonsprosjektet. No er alle gudsteneste som er planlagt så langt i år lagt inn i kalenderen på Todalen.no .
Les heile saka
Torsdag 20. januar kokka 11:00 startar Surnadal Pensjonistlag opp att med trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Surnadal Pensjonistlag er særs godt nøgd med framleis å ha med Oda fysioterapeut som instruktør for trimmen.
Les heile saka
I perioden 24. januar – 28. februar vil Fv 6148 – Ørsal-/Melavegen vere stengt for gjennomkøyring over Haukåbrua. Dette på grunn av at rekkverket på brua skal skiftast ut. Omkøyring er via Fv 6146 – Todalsvegen og Fv 6148 – Melavegen eller Pilskarvegen og over Øyabrua. Omkøyringa vil vere skilta under heile perioden arbeidet med rekkverket pågår.
Les heile saka