Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Politiet ber om tips om forsvunnen robotklippar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. august 2021

Mellom klokka 17:55 og 18:15 i går, forsvann det ein Husqvarna 430 robotplenklippar frå den nedre parkeringsplassen (der infotavlene og brødhuset til Matkroken Todalen står) ved Haugen vegkryss. Politiet ber difor om tips frå folk som har passert staden i det aktuelle tidsrommet, og som kan ha sett noko. 

Les heile saka

Fjellgruppa tek turen til Torviksetra

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. august 2021

Tysdag 10.august startar Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag oppatt med fjellturar. Den første turen etter ferien går til Torviksetra. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Torvik. 

Les heile saka

Taekwondoleiren er midtveis – drog til Todalen på sosial kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. august 2021

Taekwondoleiren på NoFo i Surnadal er småskala når vi samanliknar med tidlegare år.  Men det er ei stor skritt framover for oss, for i fjor sommar var heile arrangementet avlyst.  I år er det rundt hundre som deltek – faktisk berre ein tidel av vanleg aktivitet i løpet av sommaren, men gleda over å være i gang igjen er større enn nokon gong, seier leirsjef Kjell Gunnar Polden til Todalen.no

Les heile saka

Kallastua – torsdag opnar utstillinga…

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. august 2021

Torsdag kl. 17 opnar utstillinga i Kallastua, og da får vi sjå resultatet av restaureringsarbeidet som har vore gjort no i sommar. Som mange hugsar var det eit rom på hotellet som dei kalla Kallarommet.  Her måla Kalla Skrøvseth i si til maleri rett på veggane. Da den delen av hotellet vare revet for nokre år sia vart denne kunsten teke vare på, og altså no restaurert.

Les heile saka

Todalen barnehage stengt, men ikkje lagt ned

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 4. august 2021

I ei pressemelding frå Surnadal kommune i dag, blir vi informert om at Todalen barnehage blir stengt frå 1.august 2021, altså for tre dagar sidan. Ungane ved barnehagen vil få tilbod om plass ved andre barnehagar i kommunen. Barnehagen er stengt, men ikkje lagt ned. Dette inneber at dersom det blir nok ungar seinare, så vil barnehagen bli opna att. Pressemeldinga kan du lese nedanfor:

Les heile saka

Avlyser ungdomsfiskedagen som var tillyst lørdag

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. august 2021

Todalen Elveeigarlag (TEL) melder at den planlagte Ungdomsfiskedagen lørdag 7. august er avlyst. TEL beklager dette, men laget vil satser på å arrangere ny Ungdomsfiskedag i 2022. TEL minner om at ungdom under 16 år kan fiske gratis sammen med en voksen med fiskekort (stangdeling) eller bestille fiskekort gratis ved å kontakte Tove på tlf […]

Les heile saka

Søndag blir det friluftsgudsteneste i arboretet

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. august 2021

Søndag 8. august arrangerer Todalen sokneråd friluftsgudsteneste i Svinviks arboret.  Gudstenesta startar kl 11.00 og det er Vidar Rygh som er liturg, og organist er Ronny Kjøsen.  Dersom det blir dårleg vêr blir gudstenesta flytta til Todalen kyrkje.  Det blir i så fall kunngjørt på Todalen.no. 

Les heile saka

Søndag 29.august er det duka for SøyaCupen 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. august 2021

Idrettslaget Søya er glad for igjen å kunne invitere til SøyaCupen. I fjor måtte SøyaCupen, som alle andre cupar rundt om, avslysast på grunn av koronasituasjonen. Årets cup blir arrangert på Søyabanen søndag 29.august frå omlag 9:30. – Vi gleder oss og ser frem til å sammen med deg og ditt lag å skape nye fotballminner, heiter det i invitasjonen til SøyaCupen 2021 på Facebook. 

Les heile saka

Stavgangarane startar haustsesongen med tur til Ranessetra

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. august 2021

Torsdag 5. august  er det klart for ny sesong for Surnadal pensjonistlags stavganggruppe.  Første turen går til Ranessetra, og det er oppmøte ved bommen for samkjøring. Starttidspunktet er som vanleg kl 11:00.  Alle er velkomne til bli med på tur!  

Les heile saka

Ope gardsutsal hos Lia gard fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. august 2021

Førstkommanda fredag, den 6.august, mellom klokka 13:00 – 17:00, er det igjen duka for ope gardsutsal hos Lia gard, etter ferien. Så da blir det igjen høve til å kjøpe noko godt til helgakaffen!

Les heile saka

Ute på hemmeleg oppdrag i elva

Jon Olav Ørsal Sundag 1. august 2021

Søndag trefte vi Ole Martin Øyen i Oddøyhølen – han kom nærast «flytande på ei fjøl» forbi, og kom opp av elva for å ta ein liten pause.  Han var utstyrt med dykkardrakt, snorkel og dykkarbriller, og var ut på oppdrag for Todalen elveeigarlag – og var spesielt på utkik etter pukkellaks.

Les heile saka

Flott plassering i dagens Skyrun-VM i Italia

Jon Olav Ørsal Sundag 1. august 2021

Erik Kårvatn er framleis på hugget og klarte i dag å sikre 10.-plassen i sin klasse under det 16 km lange løpet.  Dagens løype var korta ned på grunn av sterk vind i den Italienske fjellheimen, og det var kanskje ikkje nokon fordel for Erik, men han viste musklar og hadde ein sterk spurt inn til mål.  Dermed var 10.-plassen i sin klasse sikra blant dei 27 deltakarane i yngste klasse. 

Les heile saka