Laurdag 19. mars arrengerer Nordmøre Forsvarsforening «Skiskytingens dag» på Toresetra i Bæverdalen. Arrangementet tek til klokka 12:00 og varer fram til klokka 16:00. Dette er eit arrangement forsvarsforeninga har drive med i mange år.
Les heile saka
På I.L. Søya sine facebooksider, har ein av idrettslaget sine dyktige og ivrige tråkkemaskinsjåførane, laga ei kort orientering om løypenettet til det som formelt heiter «Strengenløyper», men som oftast blir kalla, og er best kjent som «Strengentraseen». Strengenløyper har eit løypenett på rundt 50 kilometer (tur/retur) med oppkøyrde løyper på vinterstid. Alt arbeidet i Strengenløyper blir gjennomført med dugnadsinnsats organisert av I.L. Søya.
Les heile saka
Onsdag 6. april tek Surnadal Pensjonistlag opp att tradisjonen og inviterer til «trivselkveld» på Thon Hotel Surnadal klokka 19:30. Oppmøte i restauranten. Hovedrett er indrefilet av storfe med potetpure og ovnsbakte grønnsaker toppet med friske bær. Etterpå blir det kaffe, før «trivselkvelden» flyttar over til Gladlaxen, der det blir musikk av Trond Larsens Trio.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 14. mars. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Les heile saka
Todalen Grendalag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 7. april klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker. Den som vil seie frå seg verv, må gjere dette skriftleg til valnemnda ved Finn Ranes eller Ola Dalsegg innan 20. mars. Saker ein ønsker å få behandla på årsmøtet må sendast skriftleg til styret ved Ragnhild Ansnes Moe innan 27. mars.
Les heile saka
Da fjoråret ebba ut vart Svein Mogstad pensjonist. Det skjedde etter eit langt og interessant liv, der Sveins virke har vore konsentrert under eit panseret på verkstaden hos Sveen Auto. Da han starta hos Sveen i 1986, så var det liksom naturleg at det vart arbeidsplassen, og no var altså pensjonsalderen nådd. Det har vore stas å jobbe med bil!
Les heile saka
I ei pressemelding frå Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT) i ettermiddag, blir vi informert om at Kirsti Edøy frå Molde blir ny styrar på Vangshaugen turisthytte. Vangshaugen turisthytte ligg ved Storvatnet i Grødalen, i Sunndal kommune, og er etter KNT sitt eige utsagn, ei av dei flottaste turisthyttene i Norge og KNT. Vangshsugen turisthy har i over 120 år teke i mot fjellfolk, og har sidan 1934 vore driven og eigd av KNT.
Les heile saka
Nils Erik Ulset signerte historieboka med ein flott 8.-plass i dagens 12,5 km skiskyting. Dagens skyting enda med 2 bom – i første og tredje skyting – medan det vart fullt hus i 2. og 4. skyting. Dermed sette Nils Erik punktum for ein lang og innhaldsrik karriere.
Les heile saka
Etter ei oppdatering av Trimpoeng-appen «På tur i Todalen» natt til i dag, opplever somme at det er problem med å få sjekke inn på turmåla i appen. Elinor Bolme i Trimgruppa i Todalen Idrettslag seier at ei mogleg løysing er å avinstallere appen og deretter laste den ned på nytt. Etterpå er det berre å logge seg på att med ditt vanlege brukarnamn og passord.
Les heile saka
Sidan «På tur i Todalen»-appen vart lansert 1. oktober er det akkurat no registrert totalt 5410 innsjekkingar på dei 25 turmåla som er med i «På tur i Todalen». Toåa tursti er det turmålet med desidert flest innsjekkingar, og i dag vart innsjekking nummer 2000 registrert i turstien. Toåa tursti er også eitt av Stikk UT!-vinter sine turmål, og her er det, sidan oppstarten 1. desember i fjor, registrert 267 innloggingar akkurat no.
Les heile saka
Natt til fredag 11. mars blir det arbeid på ferjekaia på Kvanne. Derfor blir siste avgang frå Rykkjem kl 23.35 fredag kveld, og første avgang frå Kvanne fredag morgon kl 05.15 innstillt, melder Fjord1 i dag.
På dagens konkurranse i skiskyting i Paralympics i Beijing, kom Nils-Erik Ulset på ein 10.-plass. Med berre 1 bok hevda han seg godt på skytebanen, men vart nok ikkje kjapp nok i sporet.
Les heile saka