Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dalavegen open for ferdsel igjen

Jon Olav Ørsal Måndag 19. september 2022

På grunn av flaumen har Dalavegen vore stengt ved Vassosen.  Til tider var det 70-80 cm vatn forbi Vassosen og like ens i Hesthagan og på Dalagjeret.  No er det i ferd med å bli normale tilstandar, og Surnadal kommune har opna vegen innover til Kårvatn for trafikk, fortel Gudmund Kårvatn til Todalen.no.

Enno søndag ettermiddag var det mykje vatn ved Vassosen. Foto Jon Olav Ørsal

Det var nok mest dramatisk laurdag kveld på Kårvatn, da det stod vatn heilt inn på gardstunet, og elva var i ferd med å kome rundt fjøset.  I nyar tid er det vel berre under storflaumen i 2003 at det har vore meir vatn – da rann det vatn mellom våningshuset og stabburet, og vidare gjennom gardstunet.  

No er vassføringa på veg attende til normalen.  Siste målingane som NVE har lagt ut for Storfossen er frå søndag kveld kl 17 – da var det 85,6 m3/sek.  Sidan er det no gått 17 timar, og det har nok skjedd mykje på den tida.  

 

 

Publisert: 19. september 2022, 09:43