Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kino – norgespremiere på «Krigsseileren»

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. september 2022

«Krigsseileren» er eit storslått drama som fortel historia om dei over 30.000 norske krigsseglarane og deira familiar si skjebne under og etter andre verdskrig. Vi følger sjømannen Alfred, gift med Cecilia og nybakt trebarnsfar frå Bergen. Når andre verdskrig bryt ut, er han og barndomskameraten Sigbjørn på jobb på eit handelsskip midt ute i Atlanterhavet.

Dei blir tvungne til å fortsette å segle i fronten av ein krig dei ikkje har bedt om, i sivil og utan våpen. Heime i Bergen strever Cecilia med å klare seg og å ta vare på dei tre barna i eit okkupert land.

Alfred og Sigbjørn kjempar for å overleve i ein nedgående spiral av vold og død, der tyske ubåter når som helst kan angripe skipet som er lasta med materiell som er nødvendig for dei allierte sin krigsinnsats. Krigsseglarane har eitt mål, nemleg å overleve – for å kome heim.

Men korleis fortsett ein livet og relasjonar når ein har vore fråskild i mange dramatiske krigsår? Kan såra lækjast og gro?

Regissør og manusforfattar Gunnar Vikene om filmen: «Krigsseileren er laget for å gi nærhet gil krigsseilernes innsats og hvilket offer de og deres familier gjorde under den andre verdenskrig. Det er nødvendig for å sette i perspektiv den uretten krigsseilerne ble utsatt for etter krigen.»

Publisert: 19. september 2022, 13:19