Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nærmer seg 10-årsflaum – Dalavegen til Kårvatn er stengt ved Vassosen

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. september 2022

Det ser ut til å være litt lenger tid mellom regnbygen, og kanskje ikkje så intens regn lenger no i formiddagstimane.  Det er da også signala frå Yr.no, sjølv om dei framleis melder mykje reg både for laurdag og søndag.  På Kårvatn går elva over alle gjer, og parkeringsplassen og gardstunet står under vatn no i føremiddag.  Men det er på langt nær slik som under storfleumen i 2003, fortel Gudmund Kårvatn.  Den gongen stod vatnet ca 70 cm høgare enn det gjør i dag.  Vegen står under vatn ved Vassonsen og på Dalagjerdet –  Surnadal kommune har difor stengt Dalavegen på strekninga mellom Vassosen og Kårvatn inntil vidare.  Butikken på Kårvatn er også stengt, men nettbutikken er sjølvsagt open, seier Gudmund.  

Elva veks enno – på biletet som er henta fra Vassosen er det 70-80 cm med vatn, melder Gudmund Kårvatn. Foto G.K.

Vi har fått bilder frå Gudmund som viser at mykje av Dalagjerdet og parkeringsplassen er sett under vatn.  I tillegg har vi teke nokre bilder i Toåa tursti, der deler av turstien står under vatn. Elles følgjer vi med på utviklinga av flaumen og vil eventuelt oppdatere saka.  

Bildeglimt frå flaumen – bilder frå Kårvatn: Gudmund Kårvatn – bilder frå Toåa Tursti: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 17. september 2022, 11:59