Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 20. mars klokka 11:00. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt bøe er organist. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet via vipps 506908.
Les heile saka
Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 20. mars klokka 11:00. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt bøe er organist. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet via vipps 506908.
Les heile sakaKirkens Nødhjelp sin fasteaksjon er ein tradisjonell innsamlingsaksjon som har gått føre seg i fastetida i mange år. Årets aksjon har fått namnet «Gi vann til dem som trenger det mest». Tysdag 5. april vil årets konfirmantar, saman med andre unge og vaksne, frå Surnadal og Rindal kommunar besøke alle husstandane med sine bøsser. Det er også mogleg å gje pengar via vipps 2426 eller via bankkonto: 1594.22.87493.
Les heile sakaAt Hageland har premiere for årets hagemøbler er eit sikkert vårteikn – i dag presenteres iallfall årets kolleksjon i vårlege omgivelser på Hageland Surnadal – saman med andre vårvarer som blomsterjord, gjødsel og andre såvarer. Malin Sveen, Oddmund Jørgensen og resten av gjengen på Hageland har stått på for å få alt på plass til […]
Les heile saka«Trøndersk dynamitt» til helga på Surnadal kino, med to eksplosive filmar. Alle hater Johan, men i Surnadal elskar dei visst nok Hallvar Witzø! I alle fall såpass overbevisande og nok til at filmbyrået har gjeve Surnadal kino førpremiere på filmen «Alle hater Johan». For Witzø har ei viss tilknyting til Surnadal, da han var assistentlærar på folkehøgskulen for nokre år sia. Han var den første norske regissøren som både har vore nominert til Oscar-pris og palmepris i Cannes – for to av sine kortfilmar. «Alle hater Johan» er langfilmdebuten til Witzø, og manuset er skrive av Erlend Loe.
Les heile sakaPlana var å inspisere den store tømmerdrifta i Halanesset, men da vi stakk ein tur innom var det ingen aktivitet på lunningsplassen ved Romåbrua. Vi hørte heller ingen motordur, så vi mistenker at det var lunchpause og samlinge på ein eller anna plass oppi lia – foreksempel oppå Høgbakkan etter hjulspora å dømme.
Les heile sakaTorsdag 17. marsk klokka 19:00 blir det årsmøte i Todalen Idrettslag i Todalen ungdomshus. I tillegg til vanlege årsmøtesaker som årsmeldingar, rekneskap, budsjett og val, legg styret fram to innkomne forslag som styret ønsker å få diskutert på årsmøtet.
Les heile sakaBMO Entreprenør har sia slutten av januar jobba med reparasjonsarbeid på Haukåbrua. No går arbeidet mot slutten, og i løpet av komande fredag vil brua igjen bli opna for trafikk. Arbeidet var i utgangspunktet planlagt ferdig i slutten av februar, men det var meir omfattande skade på brua enn ein først trudde – derfor vart prosjektet utvida og ny dato for ferdigstilling vart sett til 18. mars.
Les heile sakaStyret i «Pårørendeforeningen for Surnadal sjukeheim» kallar inn til årsmøte tysdag 29. mars klokka 18:00 i kantina ved Surnadal sjukeheim. «Pårørendeforeningen for Surnadal sjukeheim» er ein frivillig organisasjon som driv med forskjellege trivselstiltak for bebuarane ved Surnadal sjukeheim. Alle som blir rekna som pårørande, blir automatisk medlem i foreininga, men på grunn av reglane for teieplikt, har ikkje styret i foreininga oversikt over kven som er medlemmer i foreininga. Styret ber difor om at pårørande, som har bebuarar ved sjukeheimen, møter opp på årsmøtet tysdag 29. mars!
Les heile sakaKomande fredagkveld, 18. mars, vil vi prøve noko heilt nytt, og inviterer både sambygdingar og andre til Quiz- & Pizzakveld. Quiz-master blir Knut Bergli og vi vil sette sammen lag med maks 4 personar pr lag. Det blir 50 spørsmål med lett blanding, og vi vil sette opp ein fin gevinst å strekke seg litt etter, seier Arve Evensen ved Todalshytta.
Les heile sakaBalldagen på tysdagar er godt etablert på Todalshytta, seier Arve Evensen som er dageleg leiar på Todalshytta. Kjell Arve Vikavoll har traktert ballgryta sia starten, og har fått mange positive tilbakemeldingar på sine balloppskrifter som han egentleg har etter bestemora.
Les heile sakaSol frå skyfri himmel, varme i lufta og lukt av vår – ein fin dag for tur og trim.
Les heile sakaLaurdag 19. mars arrengerer Nordmøre Forsvarsforening «Skiskytingens dag» på Toresetra i Bæverdalen. Arrangementet tek til klokka 12:00 og varer fram til klokka 16:00. Dette er eit arrangement forsvarsforeninga har drive med i mange år.
Les heile saka