Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa fekk ein fin tur til Blåfjellet!

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. september 2022

Sist tysdag regna Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin planlagde tur til Blåfjellet bort, men i går spela vêrgudane på lag med Fjellgruppa og varta opp med fint haustvêr. Atten spreke og motiverte turgåarar vart med til Blåfjellet i Heim kommune. 

Første rast i opent terreng. Foto: Anne V. Einum

«Vi fekk parkere på Rognskog og så bar det oppover god skogsveg. Men det var langt – og bratt! Veret ha derimot bestemt seg for å vise solsida i dag, og det var godt no etter 14 dagar med regntid», kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje. 

God utsyn over Tustnastabbane og vidare. Foto: Anne V. Einum

«Variert og vakkert landskap heilt opp, der synet åpna seg vide omkring. Somme klårsynte meinte dei såg fyret på Grip, – det var i alle høve dagen for det», fortsett han.

Toppen på Blåfjellet 766 moh. Foto: Anne V. Einum

«4 ryper flaug forbi da vi kvilde på toppen, og sanneleg fann vi ikkje ei haglforladning frå i fjor. Veit ikkje om hen trefte, men det er von i smellen», seier han.

Matpause i ly av toppen. Foto: Anne V. Einum

«Nedturen gjekk vi ein annan veg i eit utruleg variert og vakkert landskap. Vel nede vart vi samde om at det var like drygt som ein Knyktur, og da er det svert!», konkluderte han. 

Utsikt mot Trollheimen. Foto: Anne V. Einum

Fjellgruppa sin siste tur, for i år, går tysdag 27. september, da går nemleg turen til Nordvik og Gråfjellet.

Fint utgangspunkt for nedturen. Foto: Anne V. Einum

Onsdag 5. oktober møtes dei på Todalshytta klokka 19:00, for fin middag: forrett, indrefilet, dessert og kaffe til kroner 740,- per person. Vil du vere med? Meld deg på til Kristian på telefon 995 30 263 eller på turen den 27. september! Det blir ei bra avslutning på årets tursesong! 

Ein lang og overlag fin fjelltur for alle 18. Foto: Anne V. Einum

Fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur i går kan du sjå nedanfor:

Først publisert: 21. september 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 20. september 2022, 21:56