Todalen sanitetsforening inviterer ALLE i Todalen til sommaravslutning i Sanitetshuset, tysdag 14. juni klokka 18:30. Todalen sanitetsforening spanderer grillmat med godt tilbehør på alle som tek turen. Så har du lyst på grillmat og sosialt samvær, så er Sanitetshuset rette plassen denne kvelden!
Les heile saka
Todalen sokneråd fortel at det skal vere grasslått på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje i morgon, og at dei i samband med dette treng nokon til å vere med å rake opp graset. Rakinga tek til klokka 11:00, så har du lyst til å bidra litt og er heime, oppfordrar vi til å bli med på rakardugnaden!
Les heile saka
No er det klart for månadens bilete kåring
Les heile saka
Det er ikkje kvar dag Trygve Talgø stiller ut sine måleri, for dei er nemleg spreidd over heile Midt-Noreg og dermed blir det ein stor jobb å samle inn produksjon. Men da Hege Røe spurte om han ikkje kunne kome på sjukeheimen g vise fram sine måleri så sa han ja. Han ville bidra til å gje bebuarane, mellom anna kona Jorund, eit lite avbrekk i kvardagen
Les heile saka
Bankmila, som er et samarbeidsprosjekt mellom Surnadal I.L. og Sparebank1 Nordmøre blir i år arrangert lørdag 25. juni, som en del Laksedagen forteller Liv Dalsegg frå Sparebank1 Nordmøre. En del av laksedagene er også Torgdagen som arrangeres denne lørdagen. Rent praktisk er opplegget slik som vi har skissert nedenfor
Les heile saka
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer tysdag 14. juni til tur til Kristiansvarden. For ukjente, så ligg Kristiansvarden opp mot toppen av Skarfjellet i Søyådalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30.
Les heile saka
Takstmann Øyås AS har dei siste åra hatt ein stor vekst, og har i dag blitt eit av dei største takstforetaka i Midt-Norge. 1. mars vart Jan-Frode Vigdal frå Trondheimsområdet tilsett, og i desse dagar inngår Takstmann Øyås AS formelt samarbeid med Pål Rune Meek i Kristiansund og Ole Romslo Traasdahl frå Lesja.
Les heile saka
Snart startar oppskytinga til jegerprøven – første kveld i Ranheimsvingen blir måndag 27. juni frå kl 18:00 og utover. Etter to år med pandemi er samfunnet opna igjen, og iår er det igjen normalt program med 30 prøveskott og alle må fullføre skyteprøve for kvart rifleløp som skal brukast på storviltjakt, melder Søya og Todalen skytterlag.
Les heile saka
Torsdag kveld var det duka for eit godt gamaldags lokaloppgjer på Søyabanen, da Søya sitt 6. divisjonslag fekk besøk av nabo Surnadal 2 til seriekamp. Mange hadde teke turen for å sjå lokaloppgjeret, som vart spela i skikkeleg fint vêr på ei perfekt grasmatte.
Les heile saka
Dersom du opplever at mobilnettet er litt utstabilt, så er det arbeidet med ombygging og oppgradering av Telias base som har skuld i det. Dette arbeidet vil forega for fullt, og dei to montørane reknar med å være i mål førstkomande måndag. Så det er egentleg berre å smøre seg med tålmodigheit til oppgraderingsarbeidet er i mål – og det skjer måndag førstkomande dersom alt går etter plana.
Fysen på bakels og graut i helga? Eller meir glad i bakels med sylt å rømme? Komiten av skihytta inviterer til laurdagskaffe førstkommande laurdag fra 11-14.
Les heile saka
29 spreke pensjonister la ut på stavgang fra gårdene i Svorka i dag. Været var sol fra skyfri himmel, og behagelig temperatr. Det var en fin vei med grus i hjulsporene, og gras midt etter veien. Terrenget var også bra med litt småkupert og lette motbakker.
Les heile saka