Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stiller ut for å glede bebuarane på sjukeheimen.

Jon Olav Ørsal Fredag 10. juni 2022

Det er ikkje kvar dag Trygve Talgø stiller ut sine måleri, for dei er nemleg spreidd over heile Midt-Noreg og dermed blir det ein stor jobb å samle inn produksjon. Men da Hege Røe spurte om han ikkje kunne kome på sjukeheimen g vise fram sine måleri så sa han ja. Han ville bidra til å gje bebuarane, mellom anna kona Jorund, eit lite avbrekk i kvardagen.

Hege hadde ei rosebusk på lur til Trygve. Foto Jon Olav Ørsal

Kunstmaling har vore den store hobbyen heilt sia ungdomstida for Trygve, og den spreke 86-åringen har produsert meir enn nokon gong etter at han vart pensjonist. Han presiserer at han ikkje er nokon kunstnar i ordets rette forstand, men er ein sjølvlært hobbymålar som likar å male.

Mange forskjellige motiv – det var nok mange som kjente seg att. Foto Jon Olav Ørsal

Trygve hadde si første separatutstilling som festivalutstillar på Norsk Laksefestival i 2008 – den vart godt motteken og ga ytterlegare energi for å fortsette hobbyen. Trygve er ein naturelskar, og mange av bileta har sjølvsagt motiv som er henta frå naturen, frå plassar der Trygve har vore. Han likar å formidle motiva slik som dei er og er ikkje nokon tilhengar av abstrakt kunst.

No håpar han at bileta kan være til glede for folk som ikkje lenger kan koma seg ut i naturen, men som kan få fram gode minner når dei ser på bileta og kanskje kjenner seg att. Til saman var det eit trettitals maleri som var utstilt i daglegstova på sjukeheimen torsdag og fredag.

Lokale kjendisar på kustutstilling – Grete Torvik og Sigrun Ørsal. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. juni 2022, 11:00