

Etter å ha vore i kontakt med Telia sitt kundesenter no i dag, får vi opplyst at Telia sitt mobilnett skal vere oppe å gå igjen seinast klokka 20:00 i kveld. For alle Telia-kundar vil dette bety at dei da har vore utan mobildekning i over 5 døgn, med dei ulempene dette har ført med seg.
Les heile sakaKvar vinter går det med ein del ved for å fyre i paisen i gapahuken ved lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag har også i år teke på seg jobben med å fylle opp att vedlageret. Dei har i det siste difor kappa, kløyvd og lagt opp veden, slik at den er tørr og fin når den skap brukast.
Les heile sakaOnsdag 15. juni klokka 18:30 inviterer Svinviks arboret til opning av fotoutstillinga «Stole lille verden» med makrofotografi frå Jörg Brunke, og klokka 19:00 blir det utekonsert med Jo Sverre.
Les heile saka«Sommarles» Surnadal har kome godt i gang, og 43 000 sider er no passert får vi opplyst frå biblioteket på kulturhuset. Ei stor veke inn i kampanjen, er det registrert 114 unge surnadalingar som er med på «Sommarles». Målet er å få med minst 20-30 til, slik at ein kjem seg på nivå med tidlegare år.
Les heile sakaLaksefisket i Toåa startar nemleg ved midnatt, og det er det nok mange som har gledd seg til. På Todalshytta markerer vi dette med konsert av Linda og Frank «Spoon» Botten – i tillegg til at vi byr på god mat og drikke, fortel Arve Evensen på Todalshytta
Les heile sakaFredag 17. juni, mellom kl. 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mogleg å få kjøpt både fleire sortar med grovbakst, og ikkje minst ein godbit for å kose seg med i helga.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Toåa tursti måndag 13. juni. Start frå Matkroken kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaStyret i Todalen Idrettslag informerer om at betalingsfristen for medlemskontingenten for 2022 nærmar seg. Dei fleste skal ha fått faktura for medlemskontingenten på e-post, så har du ikkje motteke slik e-post med faktura for 2022 enno, ber idrettslaget om at du tek kontakt.
Les heile sakaSøndag 12. juni, altså i morgin, er det SUPERSØNDAG på Søyabanen, med heile tre seriekampar i aldersbestemt fotball. Den første kampen tek til klokka 11:45, når Søya/Todalen J11 møter Smøla.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer ALLE i Todalen til sommaravslutning i Sanitetshuset, tysdag 14. juni klokka 18:30. Todalen sanitetsforening spanderer grillmat med godt tilbehør på alle som tek turen. Så har du lyst på grillmat og sosialt samvær, så er Sanitetshuset rette plassen denne kvelden!
Les heile sakaTodalen sokneråd fortel at det skal vere grasslått på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje i morgon, og at dei i samband med dette treng nokon til å vere med å rake opp graset. Rakinga tek til klokka 11:00, så har du lyst til å bidra litt og er heime, oppfordrar vi til å bli med på rakardugnaden!
Les heile saka