Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Seterrennet på Nordviksetra på torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. april 2022

Nordvik grendalag inviterer torsdag 14. april, i tradisonen tru, til Seterrenn på Nordviksetra. Ola J. Nordvik køyrer traktor med hengar frå Øygarden klokka 11:00. Dersom det er behov, køyrer han fleire turar. 

Les heile saka

Fiskhandlar torske med småseifangst

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. april 2022

Fredrik har nytta skuleferien i påska til å være med bestefar på sjøfiske.  Da vart det både garnsetting og fiske med snøre, og eit tjuetal småsei var resultatet og dagens fangst. Egentleg var det nok torsk dei var ute etter, med småsei og lever er heller ikkje å forakte. Men det er da slett ikkje alltid at ein får den fangsten ein vil ha, men som aller oftast blir det da eit eller anna.  Torsken er nok snart på sekkassen, for den er nok av best kvalitet i måneder med bokstaven R i, og det er det i april!


Prisar nygrøå og våren på Kvennset

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. april 2022

I dag tidleg var det flott besøk på Kvennset – 4 rådyr beita fredeleg på nygrøå på ekra innafor Talgø-fabrikken. Om vi stoppa for å ta eit bilete, så tok dei det heilt med ro. Men det var ikkje berre rådyr som var ute på morgonbeite i 7.30-tida. Nokre gjess gassa seg med nygrøå litt lenger nedpå ekra, og satte tydeleg pris på det nye innslaget i kosthaldet.

Les heile saka


Todalen sanitetsforening – ytterlegare 300.000 til prosjektet «Inn på tunet»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. april 2022

I fjor fekk Todalen sanitetsforening tildelt 300.000 kroner frå Stiftelsen Dam til prosjektet «Inn på tunet». På fredag kom nok ei «gladmelding», nemleg at Stiftelsen Dam løyver ytterlegare 300.000 kroner, til vidareføring av prosjektet. «Inn på tunet» er eit tilbod om helgaopphald for pårørande og personar med dement kognitiv svikt, som blir drive av Helga Bele, i Bæverfjord og Solveig Haglund, i Surnadal 

Les heile saka

Tysdag er balldag

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. april 2022

Todalshytta minner om balldagen idag, og startar serveringa frå kl 15:00 og utover.  Fritt val mellom potetball og sildball med tilbehør.  Bestill gjerne på telefon/SMS til 975 16 103


Årsmøte i Todalen Elveeigarlag tirsdag 12. april kl. 19.30.

Stig Husby Måndag 11. april 2022

Styret i Todalen Elveeigarlag minner med dette om sitt årsmøte i Todalen Ungdomshus tirsdag 12. april kl. 19.30.  Alle medlemmer er velkomne til årsmøtet.
Det blir vanlege årsmøtesaker og enkel servering.


«Kjerringdilten» på Skihytta langfredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. april 2022

Langfredag, no på fredag 15. april, inviterer «Skihyttegjengen» til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på Skihytta. Som vanleg har «Kjerringdilten» start ca. klokka 13:00 og her blir det berre konkurrert på idealtid. Vandrepokal til vinnaren, og elles mange «fine premiar» til dei som deltek.

Les heile saka

Påskesongmesse i Åsskard kyrkje

Jon Olav Ørsal Måndag 11. april 2022

Etter to års koronapause inviterer Åsskard kyrkje igjen til Påskesongmesse langfredag kveld klokka 19.30. Prest Cathrine Grutle, koret «Prosjekt 17», organist Bernt Bøe, lesarar og instrumentalistar tek forsamlinga med på ei tekstleg-musikalsk temavandring frå palmesøndag til påskemorgon

Les heile saka

Todalen Camping førebur seg på ny sesong

Stig Husby Sundag 10. april 2022

Vi har fått melding frå Todalen Elveeigarlag og formann Asbjørn Karlsen om at Todalen Camping førebur seg på ein ny sesong. Det planleggast opning frå 1. mai i år, og campingplassen vil bli dreve av Todalen Elveeigarlag

Les heile saka

Søndagsope – og klart for ein ny vår..

Jon Olav Ørsal Sundag 10. april 2022

Med «vêrbruket» som har vore dei siste dagane, så er det ikkje akkurat våronn med utplanting av blomster og kjøp av hagemøblar som ligg fremst i dagsplana. Men etter ein periode med dårleg vêr så kjem det alltid ein periode med bra vêr, og da er det bra å være litt førebudd! På Hageland Surnadal har dei jobba med våren i sikte dei siste par månadene, og no er det meste på plass i butikken. I helga markerast starten på ein ny vårsesong med søndagsopen butikk og nye opningstider – på Hageland blir nemleg butikken open heile påska!

Les heile saka

Stor skredfare i Trollheimen i dag

Jon Olav Ørsal Sundag 10. april 2022

I dag er det eit klart bodskap frå varsam.no – Unngå alt skredterreng! Mykje snø og kraftig vind gjer at det kan gå svært store og naturleg utløyste snøskred. Det store snøfallet i går og blaut, tung snø kombinert med regn har gjort at skredfaren i dag er på raudt nivå for Trollheimen.

Les heile saka