Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I startgropa på ei travel førjulstid

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. november 2022

På Hageland Surnadal er det sesongstart på jula komande torsdag – da opnar alle hagesentera i Hagelandkjeda i heile Noreg. – Det er nemleg to travle periodar på Hageland kvart å – det er «våronna» som går frå april til juli og så er det «jul-onna» som går frå starten på november og fram til jul.

I dei to periodane er det stor tilstrøyming av kundar og det er da vi har mesteparten av omsetninga vår, seier Borghild Talgø og Hubertine Roebroek når vi treffer dei på Hageland.  No er det full fart på Hageland og mykje arbeid med å få fram julevarene og julepynten som er komen i hus i løpet av den siste månaden.

Mykje fint i butikken – her er det retteleg julestemning Foto Jon Olav Ørsal

 I mellomtida har dei rydda ut sommarvarene – hagemøblar og hagereiskap og ikkje minst sommarblomster, busker og trær og mykje anna varer som høyrer sommaren til.  I vintermånadane er det berre den oppvarma delen av Hagelandbutikken som blir bruka, og akkurat no er det den siste finpussen som går føre seg med juleutstillingane – så er alt klart.

Her er gjengen som skal sørge før julestemning – både i butikken og i heiman. Foto Jon Olav Ørsal

Torsdag er det premiere, og da ventar vi mykje kundar som kjem for å sjå utstillingane og nytte seg av dei mange gode tilboda vi har.  – Da gjer vi litt ekstra ut av det, med utvida opningstid til kl 20. Da sørger vi også for litt traktering og gjer det litt triveleg både for oss sjølve og for kundane, seier Borghild og Hubertine som gler seg til denne dagen.

Skikkeleg julestemning er det også på heimesida til Hagelandkjeda – her finn du etter kvart både mange og gode tilbud på julevarer!

Noen bildeglimt frå julebutikken på Hageland Surnadal – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. november 2022, 08:00