Vi har ikkje hatt noko tradisjon for feiring av påske på Todalshytta tidlegare, men i år opnes det for ein triveleg og fredeleg påskeaftan med servering av hamburger eller hyseburger med pommesfrites og salat – og med god drikke til. Så feirer vi påske på gammeldags vis med kortspell og brettspell. Påskeaftan er det ope frå 19:00 til kl 01:00
Les heile saka
Ca. 100 personer hadde møtt fram på skjærtorsdag til det 92. rennet på Nordviksetra. Pga. koronapandemien vart det ikke arrangert renn i 2020 og 2021. Opprinnelig var det langrenn og hopp som stod på programmet i mange år, med oppsatt pokal som måtte tas 3 ganger før man fikk den til odel og eie i langrennet, og det var beste tid som avgjorde. De siste årene har det vært idealtid, og seier til den som kommer nærmest den tiden
Les heile saka
I del 2 av påskekrimmen står draumen om vårteikna i kø på Halsbua. Men la deg ikkje bli bedøvd av tanken om pollen og søget frå Toåa, for skal mysteriet bli oppklara må alle sansar vere like krystallklår som ein Halling tikkje tå blæst´n. Etter eit par koppar med kaffi var Bladfyk klar for dagens […]
Les heile saka
Her kjem endeleg kåringa for februar. Vinnaren av månadens bilete for februar er Todalsnatt av Kristian Gjeldnes, eit fint måneskinns bilete teke frå Drivhaugen. Vi publiserer også kåring av månadens bilete for mars.
Les heile saka
Onsdag kveld inviterte Todalen.no sine støttemedlemar og andre til tacoselskap med påfølgande påskenøtter. Det vart faktisk ein suksess, og vi er imponert over at vi kan dra eit 60-tal med både ungdommar og godt vaksne deltakarar til ein slik kveld, seier styreleiar i Todalen.no Stig Husby. Med eit 60-tal til bords så gikk tacoen unna, og kokkane fekk mykje skryt for maten.
Les heile saka
Tirsdag kveld inviterte styret i Todalen Elvaeigarlag til årsmøte i Todalen Ungdomshus. Formann Asbjørn Karlsen hadde kalt inn til vanlege årsmøtesaker, og var kveldens ordstyrar. Todalen Elvaeigarlag legg attom seg eit svært innhaldsrikt og aktivt fjorår, noko som er litt spesielt med tanke på pandemi og koronasituasjon. Asbjørn kunne fortelle at det hadde vore 23 styremøter gjennomført i 2021, og det fortel vel sitt om eit travelt år for styret.
Les heile saka
I dag var det den store påskeeggjakten på Matkroken Todalen, og det engasjerte mange frå den yngre garde. Somme var på plass allereie ved da butikken opna klokka 9, for å starte jakta på dei ti påskeegga, som var gøymt rundt om inne på butikken. Det eine egget inneheldt eit gåvekort på 500,- kroner, så […]
Les heile saka
I dag fylte Rune Mogstad tankane ved HalsOils drivstoffanlegg ved Matkroken Todalen med verdas beste drivstoff. – No skal todalingane og tilreisande kunne køyre omsalaust i påskehelga kunne han garantere. Rune var forresten imponert over kor mykje drivstoff som blir selt ved anlegget i Todalen, og han rosa todalingane for å være kjøpe tru
Les heile saka
Du trudde kanskje ikke det vart påskekrim i år? Nåh-nei, her er kjem det tradisjonen tru eit nytt svært lokal og kortreist mysterie. Vi kan ikkje garantere at du får svar på alle spørsmåla i løpet av påskeveka, men håpar likevel det kan vere til underhaldning. Så det er berre å helle oppi meir kaffi […]
Les heile saka
Trimgruppa i Todalen Idrettslag gjentek suksessen med å arrangere Gunnøydilten som langfredagsaktivitet. Sjølv om aktiviteten blir kalla Gunnøydilten så vil hovudaktiviteten med sal av kaffe og anna forfriskningar skje ved Gapahuken ved Båthølen, fortel Anita Talgø i Trimgruppa. Start mellom klokka 12 og 1
Les heile saka
No når påskehelga står for døra, har Matkroken Todalen rusta seg til lokal påskehandel på alle vis. Slik som tidlegare år er det ope for handel påskeaften, da butikken er open 9:30 – 16:00. Itillegg er det ut over vanleg opningstid kioskope skjærtorsdag og 2. påskedag i tidsrommet 16:00 – 18:00.
Les heile saka
«På tur i Todalen»-appen har i dag to innsjekkingspunkt som er aktive berre i dag, nemleg Gunnøydilten og Kjerringdilten. Desse innsjekkingane gjeld berre i dag, og det er mogleg å registrere seg berre ein gong.
Les heile saka