Laurdag 23. april arrangerte Sanitetsforeninga strikkekaffe i Sanitetshuset. Sol og fint ver freista nok til uteliv, men likevel var det rimeleg godt oppmøte til Fredrikkekaffeen.
Les heile saka![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2022/04/IMG_4564-624x427.jpg)
Laurdag 23. april arrangerte Sanitetsforeninga strikkekaffe i Sanitetshuset. Sol og fint ver freista nok til uteliv, men likevel var det rimeleg godt oppmøte til Fredrikkekaffeen.
Les heile sakaTo målgrupper kan no få tilbod om ekstra oppfriskingsdose etter avtale: FHI opnar for at eldre frå 80 år og oppover og personar med alvorleg svekka immunforsvar no kan få tilbod om ei ekstra oppfriskingsdose. Det er den velprøvde vaksinetypen frå Pfizer som er aktuell.
Til personar med alvorleg svekka immunforsvar – Dersom din behandlande sjukehusspesialist anbefaler deg fleire doser koronavaksine enn du har fått til no, ber vi deg ta kontakt med vaksinekoordinator på Vaksinetelefon: 913 79 001 (mån. – fre. kl. 09.00 – 15.00)
Endeleg er det tid for å prise våren – dei handlande i Røtet/Syltøran arrangerer tradisjonell vårfest no fram mot helga. Eiksentret har ein lang tradisjon som er godt innarbeidd, og dette har naboane også hiva seg på. Og naboane er i denne samanhengen Hageland Surnadal, Byggmakker Surnadal, Rørservice, Trollheimen Treningssenter og Sveen Auto.
Les heile sakaEit sikkert vårteikn er sanitetskvinner som sel maiblomster, i år er det i Todalen sal av maiblomstkrans og bilblomster, ein kan altså pynte både seg sjølv og bilen ved å støtte ei god sak.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 23. april i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile sakaSidan 2015 har Todalen sanitetsforening, Surnadal sanitetsforening og SpareBank 1 – Nordmøre (Surnadal Sparebank fram til juni 2020), i samarbeid, delt ut Goodiebags til russekulla i Surnadal kommune. Goodiebagsane blir delt ut under eit arrangement i SpareBank1 sine lokalar på Skei komande onsdag. Dit blir alle som er russ ved Surnadal videregåande skule i år invitert. Her deltek også helsesøstra, saman med banken og dei to sanitetsforeiningane.
Les heile sakaOnsdag 27. april inviterer kyrkja i Surnadal igjen alle til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Da blir det servert middag og ettermiddagskaffi/te til alle i alle aldrar. Serveringa er i tidsrommet frå klokka 16:00 – 16:45, men dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00.
Les heile sakaTorsdag kveld var tingvollgjeldingen Helge Husby i Todalen for å promotere den nye boka han har skrive om kamphandlingane i Gratangen. Slaget i Gratangen i aprildagane for temmeleg nøyaktig 82 år sia, og er rekna for å være det blodigaste som har skjedd på norsk jord. Helge fortalte at han har gått svanger med bokplanar helt sia han var ungdom, og at mange nordmøringar fall i Gratangen har vore med og påvirka planane som no er realisert
Les heile sakaSøndag 1. mai klokka 14:00 inviterer Surnadal Arbeiderparti til god «gammaldags» feiring av 1.mai på Surnadal kulturhus. Etter to år med koronapandemi, er det godt å endeleg kunne feire 1. mai med festarrangement på kulturhuset, seier arrangementskomiteen, som består av: Lilly Gunn Nyheim, Ella Bolme, Helge Røv Emely Stangvik og Ole Dalsegg. Helge Røv vil vere programleiar for dagen. Surnadal AUF ved leiar, Emely Stangvik og nestleiar, Ole Dalsegg vil halde apell for dagen, medan Ordførar i Aure kommune, Hanne Berit Brekken vil halde festtalen.
Les heile sakaI går ettermiddag/kveld var det dugnad i Toåa tursti, for å klargjere turstien til ein ny vår- og sommarsesong. Vinteren, og da spesielt uvêret Gyda, hadde vaska bort ein del av grusen i turstitraseen, spesielt frå steinutgarden og fram til nedste avstikkaren ned til Gunnøya, og ved øvre avstikkaren mot Gunnøya.
Les heile sakaDenne veka er det i Røtet det skjer – dei fleste aktørane i området står bak aktivitetane som går føre seg frå torsdag og framt mot helga. Det er Eiksentret Surnadal, Hageland Surnadal, Byggmakker Surnadal, Rørservice, Sveen Auto og Trollheimen Treningssenter – alle sammen lokaliser ved Ørabrua og litt rundt omkring
Les heile sakaEtter to års pause på grunn av korona, kan endeleg Svinviks arboret igjen invitere til podeverkstad. Dette skjer torsdag 28. april klokka 18:00 i Svinviks arboret. Det er poding av frukttre som står på programmet, og arboretet inviterer difor alle til å bli med for å lære om podekunsten.
Les heile saka