Surnadal kommune er i ferd med å lage nye retningsliner for motorferdsel i utmark, for perioden 2022 – 2026. Derfor har Hovudutval for miljø, areal og teknikk (MAT), vedteke å legge ut sitt forslag til nye retningsliner for motorferdsel i utmark, til offentleg ettersyn.
Les heile saka
Sanitetsforeninga minner om medlemsmøtet 6. september kl: 18:30 i Sanitetshuset.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Roparen torsdag 8. september klokka 11:00. Parkering på parkeringsplassen ved Surnadal Alpinsenter i Sæterlia.
Les heile saka
Nok ein måndag med sol og fint ver da Kløveturgjengen starta frå Bruset og oppover skogsvegen.
Les heile saka
Etter at Todalen Idrettslag, for ei stund sia, montert elektronisk dørlås på Hett & Svett, har døra ved eit par høve vore slått så hardt att at batteria på innsida av døra har sprotte ut. Når dette skjer er det ingen som kjem seg inn for å få trena, før batteria er på plass att.
Les heile saka
– Grønaste dagen i kyrkjeåret, sa Torbjørn Brøske da han innleia søndagens hausttakkefest i Todalskyrkja.
Både den grønfarga stolaen på prestedrakta og kledet på lesepulten viste at vi er inne i vekstperioden – treeiningstida, forklarte Torbjørn, som no har vikarstilling som sokneprest utover hausten
Les heile saka
Utpå ettermiddagen i dag får vi eit lite straumsjokk – da stig straumprisen til rekordhøgde, med kr 4,96 pr kWh (kilowattime), og det er mesta sør-norsk nivå som i dag er kr 5,02 på det dyreste søndag ettermiddag. Grunngjevinga for dei høge straumprisane er høge gassprisar og den generelle energikrisa som rår i Europa, og som mellom anna har årsak i krigen i Ukraina
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 5. september. Start frå Matkroken kl. 11:00. Blir du med?
Les heile saka
Onsdag 7. september klokka 18:00 er det klart for lokaloppgjer i fotball på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen sitt G10 lag mot Surnadal G10. Det er fleire todalingar på båe lag, så her får ein garantert sjå mange kjente fjes!
Les heile saka
I turistsesongen har Todalshytta vore open for dropin-gjestar og hatt open restaurant med À la carte-meny. No når sesongen er slutt går vi over i ei anna fase, men Todalshytta er slett ikkje stengt, seier Arve Evensen, som er vertskap på Todalshytta. No blir det fokus på selskapsarrangement, temadagar – eks. balldag, fårikålkveld, lutefiskkveld, pinnekjøtt – og mykje anna godt for ganen.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag fekk ein skikkeleg finvêrstur til Kvenndalen i går. 22 stavgangarar gjekk frå gapahuken og opp til Trollmyran. Derifrå hadde dei fin utsikt innover dalen.
Les heile saka
For å hjelpe til med å takle ein kvardag med stor kostnadsauke har Matkroken og d3ei andre kjedene i Coop-systemet gått ut med garanti for at dei skal halde prisane uendra – eller lågare, for 200 av dei mest populære daglegvarene
Les heile saka