Det er no tilnærma «full guffe» ved Melby Snekkerverksted etter brannen 16. juni. Det dreier seg stort sett om bygningsmessige skader, fortel dagleg leiar Bjørn Melby i Talgøbedrifta Melby Snekkerverksted på Eide. Det er no gjort midlertidige reparasjoner av bygget og i disse dager er Polygon engasjert til å vaske ned og fjerne all røyk og sot som har hamna inne i fabrikkbygninga.
Les heile saka
I ein e-post frå Todalen Idrettslag, kjem dei med ei klar oppfordring vedrørande parkering og ferdsel i samband med alle trimpostane idrettslaget har i den digitale turregistreringa. Tur-appen er utruleg populær, og har noko over 10 000 registreringer per i dag. men idrettslaget ser i nokre høve at poeng kan vere viktigare enn trim, noko som gjer at dei no har gjort nokre tiltak.
Les heile saka
I trettentida laurdag gikk det eit lite steinras fra Åsbøsnyta og ned mot vegen mellom gammelvegen og brua på nyvegen. Ein liten stein kom heilt ned på vegen, medan resten av raset stoppa før det kom så langt som ned til vegen
Les heile saka
«Vêrbruket» på Todalsdagen klarte mesta å sette ein stoppar for heile årets arrangement. – Nokre få fotballkampar vart gjennomført og mosjonsløpet Ræta Opp vart da også gjennomført, men med kanppe halvparten så mange deltakarar som vanleg. Det ga sjølvsagt lite inntekt til Gatelaget, med knappe 7.000 kroner – medan det vanlegvis har vore det dobbelte. No oppfordrar arrangøren Todalen IL sine «støttespelarar» til å gje ein hundrelapp på etterskot.
Les heile saka
Stangvikfestivalen blir arrangert annakvart år, og blir i år arrangert frå onsdag 27. – søndag 31. juli. Torsdag 28. juli frå klokka 18:00 inviterer Stangvikfestivalen til Operapub i Todalen ungdomshus, der publikum får møte nokre av Europas fremste talent innan opera. Her kan nordmørspublikummet få oppleve noko dei elles må til dei største byane for å få oppleve!
Les heile saka
Fra 15. juli er det forbud mot å fiske holaks i Toåa, skriv Todalen Elveeigarlag i ei pressemelding. Dette er samme tiltak som ble gjort i fjor for å tilpasse laksefisket til bestandsstørrelsen etter at midtsesongevaluering i vassdraget er gjort.
Les heile saka
Det fine «kinovêret» held fram, så Surnadal kino har sett opp enno meir film enn planlagt (og annonsert). Mest for dei yngre; det skal seiast. Men Surnadal kino har opplevd godt besøk, og vel difor å sette opp nokre ekstra kinoframsyningar, medan vi alle venter på godvêret.
Les heile saka
Dei siste par dagane har Mesta trimma asfaltkantane på fylkesvegane rundt bygda. I kombinasjon med litt grøfterens får ein tranportert vatnet bort frå vegbanen og dermed slepp ein alle sølepyttane etter vegen
Les heile saka
Til tross for renteauke og aukande prisar på materialar, så det det stor byggeaktivitet og fullt opp for snekkarfirma. Her i bygda er det akkurat no 3 bustadhus og fritidsbustader under produksjon. Det er Talgø Tradbo som er entreprenør for alle dei tre einingane, og alle er produsert med byggelement frå Talgøbygg i Todalen. Kortreist med andre ord
Les heile saka
Austigarden på Ørsalen fekk besøk av denne kattungen i hagen sin, men hvor hører han hjemme?
Les heile saka
Da Frode la på nytt tak på fyrhuset/garasjen, nytta han høvet til å legge på solcellepanel på taksida som snur mot sør. Frode har eit ønske om å være mest muleg sjølvforsynt med energi heme på garden i Steinarstua. Han er inforstått med at ei stor trønderlån nærast sluker energi – det er erfaringa etter mange år med vedfyrt varmeanlegg, som forsyner heile huset med varme og varmvatten frå oktober til apri
Les heile saka
Resultatet av det strie regnvêret laurdag gjorde utslag på målestasjonen ved Storfossen. Den viste rundt 17 m3/sek på målinga fredag kl 17, og laurdag kl 17 var den komen på knappe 35 m37sek, men regnvêret fortsette og elva vaks fort utover kvelden, og den gikk da etter kvart melfull
Les heile saka