I dag har det pågått asfaltering igjen – denne gongen er det i kommunal regi. Det er i dag lagt ny asfalt frå krysset Todalsvegen/Myrjarvegen og heilt til endes på den kommunale vegen gjennom bustadfeltet på Kvennset.
Les heile saka
I dag har det pågått asfaltering igjen – denne gongen er det i kommunal regi. Det er i dag lagt ny asfalt frå krysset Todalsvegen/Myrjarvegen og heilt til endes på den kommunale vegen gjennom bustadfeltet på Kvennset.
Les heile sakaI går tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Amtlihammaren og Bæverfjordsetra. – Turen til det forjettede fjell gikk oppover skikkeleg bratte bakka forbi ein kraftstasjon som sikkert held straumprisene nede for utbyggaren, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.
Les heile sakaTysdag kveld gikk årets siste klubbritt i Trollheimen Sykkelklubb, og det gjekk frå Nordvik til Kårvatn, i tradisjonelle former. Det vart eit spurtoppgjør innover Dalagjerdet med Håkon Vang Aas og Håvard Gjeldnes om breidd. Dei to vart klokka inn på 34:45,2 og 34:45,7 med Håvard først i mål.
Les heile sakaSurnadal kommune opplyser at siste frist for å bestille husnummerskilt via kommunen snart går ut. Alle 4884 adresseverdige bygg i kommunen har no fått tildelt husnummer (adressenummer). Huseigar eller festar har ansvaret for å sette opp nummerskilt på eige(ne) bygg eller eigedom. Mange har bestilt våre skilt med svarte tal på kvit refleksbakgrunn, godkjent av Kartverket.
Les heile sakaFrå september vil det bli arrangert ICDP-foreldregruppe for foreldre som har elevar på ungdomstrinnet i Surnadal kommune. Da inviterer helsesjukepleiar Heidi E. Fiske og ungdomskontakt Kristin Børset til foreldregruppe, som går over 8 veker på torsdagar. Oppstart blir torsdag 22. eller 29. september, men dette vil bli kunngjort til deltakarane i god tid før oppstart.
Les heile sakaDet er kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som no er i gang med arkeologisk undersøking i den framtidige vegtrasèn i Svinvika. Arkeologar er no i gang med å ta ut prøvar frå sjakter som er gravd fram på innmarka, og det er gjort eit par små funn så langt i prosessen. Det er funne ei kokegrop og litt gammel dyrkingsjord med dei stikkprøvane som er gjort til no. Heile nesset, med arboretet og Svinvika er med i prosjektområdet der det no skal gjerast forundersøking.
Les heile sakaStavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Holtasetra i Søyådalen torsdag 25. August. Parkerer ved brua, så går turen derifrå og opp til setra. Oppmøte klokka 11:00.
Les heile sakaDet er mykje fokus på at fjellbeitene grør att og at det veks att med kratt og buskas langt til fjells. Det er nok fleire årsaker til at utmarka gror att, men to vikige faktorar er nok mangel på beitedyr, både sauer og storfe, og så er det klimaendringane. Vi har vel ikkje noko umiddelbar løysing på nokon av problema, men vi tykkjer det er synd at den fine fjellbeita vi har her i Trollheimen ikkje blir nytta ut. Vi kjem vel både borti næringspolitikk og rovdyrpolitikk dersom vi skal diskutere dette.
Les heile sakaLaurdag den 27. august inviterer Turgruppa i Gamle Stangvik, med støtte frå Stangvik Historielag, «Årnesdagen». Oppmøte klokka 11:00. Det er mogleg å parkere ved Jørristu-fjøset eller ved grendahuset på Årnes. Dagen startar med ein kort tur opp til Musters-husa (Trøinn).
Les heile sakaSøndag fikk vi nærast uventa besøk i redaksjonen! Det var frå Fonna Forlag – redaktør og majoritetseigar Kjartan Helleve som stakk innom. Han hadde ærend i området, og kom på at han skulle stikke innom og sjå seg litt rundt i Todalen når han først var på disse traktane.
Les heile sakaSoknerådet hadde is i magan og arrangerte friluftsgudsteneste i Svinviks arboret. Men det var ikkje så lenge etter at gudstenesta var ferdig, før dei første regndråpane gjorde sitt inntog. Det har faktisk vorte faktisk tradisjon å arrangere friluftsgudsteneste i arboretet, og i år var det faktisk eit trettital som kom og vart med på gudstenesta.
Les heile sakaOppmøte ved Matkroken til vanleg tid kl 11:00 for samkjøring til Svinvika. Så går vi ein runde og tek matpause oppå Kammen. Kom og bli med det gjer så godt – Alle er velkomne!
Les heile saka