Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for julebordsveke på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. desember 2021

Det lukta godt av julemat da vi stakk innom Todalshytta i ettermiddag.  Stian Evensen som er julebordskokk på hytta var i full gang med mat til kveldens julebord på Todalshytta.  Det vil seie at kveldens gjestar vert servert ribbe med tilbhør –  eller rettare sagt ein juletallerken, med jule pølse, medisterkake, og heimelaga surkål og rødkål og heimelaga ribbesaus.  Høres det ikkje godt ut da?

Les heile saka

I.L. Søya tildelt gjev pris

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. desember 2021

Idrettslaget Søya er tildelt Nordmøre og Romsdal Fotballkrets sin «Fair play»-pris for 2021. på 10.000 kroner. Søya fekk også denne prisen i 2012, så det er tydeleg at klubben gjer eit godt arbeid. «Fair play»-prisen blir delt ut til ein klubb i kvar av dei 18 fotballkretsane i Norge kvart år. Vi gratulerer Idrettslaget Søya med den gjeve prisen. 

Les heile saka


Vegsikring innover frå Nordvik

Jon Olav Ørsal Fredag 10. desember 2021

Mesta fortsett arbeidet som Mikkelsen Maskin starta på Nordvik.  No foregår sikringsarbeidet frå Øygarden og i retning Todalen.  Etter asfgaltarbeidet for to-tre år sia er det høge asfaltkantar, der det har vore ei rekkje utforkjøringar. No blir dette retta på….

Les heile saka

«Barn i løypa» måndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 10. desember 2021

Måndag 13. desember klokka 18:00 – 19:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den timen «Barn i løypa» foregår. Det blir på grunn av smitteverntiltaka som gjeld, ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med sjølv. 

Les heile saka

Oppdatering Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. desember 2021

Med bakgrunn i dei nye smitteverntiltaka, som vart presentert tysdag, og etter samråd med lokale helsemyndigheiter, har Todalen Idrettslag bestemt at Hett & Svett skal halde ope, nesten som normalt, men med nokre viktige smitteverntiltak. Todalen Idrettslag håper at brukarane følgjer desse smitteverntiltaka, slik at ein slepp å iverksette ytterlegare tiltak eller rett og slett må stengast. 

Les heile saka

AVLYSER «Bøy og tøy» torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. desember 2021

I ei melding frå Kristian Ranes no i kveld, har vi fått beskjed om at annonserte «Bøy og tøy» torsdag 9. desember må avlysast. Dette er ein direkte konsekvens av koronasituasjonen og dei nye smitteverntiltaka i samband med dette. 

Les heile saka

Avlyser Julekonserten i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. desember 2021

I ei pressemelding no seint på føremiddagen, informerer Todalen Sokneråd om at søndagens julekonsert med «Prosjekt 17»-koret må avlysast. Dette er eit direkte resultat av dei nye nye nasjonale smitteverntiltaka, som regjeringa offentleggjorde i går kveld. Både Todalen Soknerådet og «Prosjekt 17»-koret beklagar avlysinga, men understrekar at det er viktig å følgje nasjonale smitteverntiltak. 

Les heile saka

Todalen Idrettslag og dei nye nasjonale smitteverntitltaka

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. desember 2021

I går kveld kom regjeringa med nye nasjonale smitterverntiltak. Styret i Todalen Idrettslag har med bakgrunn i desse tilpassa drifta si til dei nye smitteverntiltaka. Dette inneber at «Revyfesta» 3.juledag (27. desember) blir avlyst, medan «Romjulsmarsjen» går som normalt!

Les heile saka

Svorka og Sylvia Stokke med julegåve til Todalen sanitetsforening

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. desember 2021

I år har Svorka bestemt at alle tilsette skal få kr. 1.000 for å gje til eit ikkje-kommersielt føretak. Sylvia Stokke, konsernleder salg og marked i Svorka, valde å gje si gåve til Todalen sanitetsforening. Dette fekk medlemmene i Todalen sanitetsforening vite under deira juleavslutning i Todalen sanitetshuset i går kveld. 

Les heile saka

Kommuneoverlege Buan om nye nasjonale tiltak

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. desember 2021

I går kveld vart dei nye nasjonale tiltaka for å få bukt med den aukande koronasmitta presentert. Kommuneoverlege Bjørn Buan i Surnadal kommune har, med bakgrunn i desse, sendt oss ei pressemelding. – Tiltaka samsvarar i stor grad med dei råda eg har gitt lokalt dei siste vekene. Det er trusselen bak omikronvarianten av koronaviruset som begrunnar skjerpinga av tiltaka, sier buan.  

Les heile saka

Rute 46 – Innstillingar i kveld og i morgon tidleg

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. desember 2021

Fjord1 melder at kveldens avgang klokka 23:35 (8.12) frå Rykkjem, og avgangen frå Kvanne i morgon tidleg (9.12) klokka 05:15 blir innstilt. Grunnen til dette er kaiarbeid på fergekaia på Kvanne. Alternativ reiserute er via rute 48, Halsa – Kanestraum. 

Les heile saka